Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
  5. BuforholdChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Buforhold

Buforholda til barn og unge vil variere mykje. Nokon familiar eig eigen leilegheit eller eige hus, medan andre leiger bustaden dei bur i. Nokon har ein stor bustad med god plass, medan andre bur forholdsvis trongt.

Boliger. Foto.

Felles for dei fleste i Noreg er at vi bur forholdsvis bra. Men også i Noreg finst det barn som ikkje bur bra, og som derfor kan ha behov for ekstra omsorg.

På flyttefot

Ein del barn opplever å måtte flytte frå den bustaden dei tenkjer på som heimen sin. Det kan mellom anna skje på grunn av skilsmisse eller økonomiske årsaker, og nokon må flytte grunna jobben til foreldra. Det kan vere ei belasting for barn og unge å skifte skule, barnehage og venner. Dei fleste barn taklar det likevel godt dersom dei har kloke vaksne som hjelper dei i prosessen.

Artikkel frå Norsk Helseinformatikk: "På flyttefot? – Hjelp barnet på plass i nytt miljø".

Sosiale forskjellar

Sjølv om dei aller fleste i Noreg bur forholdsvis bra, er det er likevel store forskjellar på korleis barn bur. Dette kan delvis knytast opp til utdanninga og økonomien til foreldra.

Nokon barn har foreldre som rusar seg eller er sjuke, noko som også kan påverke heimesituasjonen.

På hybel

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du også møte unge som flyttar heimefrå for å bu på hybel. Kor gamle dei er, kvar dei bur, og andre forhold rundt barnet vil avgjere korleis dette går. Unge som flyttar heimefrå, har ofte behov for litt ekstra omsorg i overgangsfasen. Du må våge å bry deg om barn som bur for seg sjølve.

Oppgåver

Lenkje til oppgåver om levestandarden din.

Lenkje til oppgåver om livskvalitet.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre forskjellige buformer kjenner du til?
  2. God levestandard er ikkje alltid lik god livskvalitet. Flott bustad er ikke alltid lik eit godt liv.
    Forklar påstandane over og beskriv kvifor det er viktig for deg som barne- og ungdomsarbeidar å hugse dette.
  3. Korleis kan foreldre og tilsette i skule og barnehage leggje til rette for at barn som flyttar, opplever dette som så greitt som mogleg?
  4. Korleis trur du barn opplever det dersom dei ikkje kan ta med seg venner heim?
    Korleis kan du hjelpe desse barna?
  5. Kva for utfordringar kan barn og unge som flyttar på hybel, møte?
    Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe dei?
  6. Forklar hva du legg i omgrepa levestandard og livskvalitet.

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag