Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bustad

Det er ikkje likegyldig om vi veks opp i Risør eller på Dokka, i Oslo eller i Tana. Bustaden vår kan spele ei rolle for kven vi blir, og kan påverke kva slags perspektiv vi får.

Hender med ulik hudfarge ligger over hverandre på et verdenskart. foto.

Miljøet formar oss

Dei lokale forholda pregar talemåten (dialekten) vår, veremåten vår og verdisynet vårt. Klima og avstandar betyr også litt: Er vi vande med regn eller kulde, får vi ei anna grunnleggjande innstilling til omgivnadene enn den som er vand med det motsette.

I ein by har ein ofte fleire folk tett på seg enn det ein har på landet. Å stå i kø, sitje på ein full trikk og ha tilgang til mange butikkar er ein del av kvardagen til mange i byen. På landet blir ein kanskje vand med å reise lenger for å komme til butikken, at bussen ikkje går så ofte, og at ein har meir plass. Men det er store forskjellar både i byen og på landet.

Oda og Jan går i same klasse og bur begge på ein liten stad med om lag 600 innbyggjarar. Oda bur på ein gard med dyr og store åkrar. Jan bur i eit rekkjehus i bustadfeltet i bygda. 300 av innbyggjarane i bygda bur i bustadfeltet. Sjølv om Oda og Jan bur i same bygd, er skilnadene store.

Lokalsamfunn

Eit lite lokalsamfunn kan ha færre kulturelle og sosiale tilbod enn ein by. Det kan også ha færre moglegheiter for skulegang og arbeid og færre moglegheiter til å dyrke «spesielle» interesser. På den andre sida gir landet gode moglegheiter for den som liker friluftsliv og kontakt med primærnæringane.

Både i byen og på landet vil mange oppleve at det går med mykje tid til reising til og frå skule, jobb og fritidsaktivitetar. Kvar du bur, kan ha noko å seie for kva du kan vere med på.

På bygda er det gjerne slik at ein kjenner mange av dei som bur der, men også her er det store variasjonar. Når mange kjenner seg sterkt knytte til heimbygda, har det gjerne samanheng med at dei lever i ein nær fellesskap.

I 2016 budde 81 prosent av alle nordmenn i byar eller tettstader ifølge statistisk sentralbyrå, SSB. Tradisjonelt har det vore stor forskjell mellom by og bygd i korleis folk lever og tenkjer. I dag verkar det som om forskjellane mellom by og land er mindre enn før. Det finst nok mange forklaringar på dette, og mellom anna har nok TV, Internett og auka reiseverksemd hatt mykje å seie. I tillegg flyttar mange oftare enn før.

Vi tolkar ut frå oss sjølv

Ofte tolkar vi ut frå eigne opplevingar. Er vi fødde og oppvaksne i Båtsfjord, er det lett å tenkje at det er betre å bu i Båtsfjord enn i Bergen. Ein barne- og ungdomsarbeidar må vere medviten om at alle stader er ulike og gir ulike moglegheiter og utfordringar – éin stad er ikkje betre enn ein annan.

Er by og land like bra?

Nokon har hevda at det er uheldig for barn å vekse opp i by på grunn av mangel på natur, lite fysisk aktivitet, forureining og risiko for å komme i kontakt med rusmiddel og kriminalitet. Mykje tyder på at ei slik oppfatning er feil.

Dei aller fleste byar, bygder og stader har forhold som verkar positivt på oppveksten til barn. Det handlar ofte om å oppdage kva som er positivt, og å ta det i bruk.

Dei fleste stader har også utfordringar knytt til forhold som ikkje er så bra for oppveksten til barn og unge. Det kan dreie seg om ei rekkje ting, som rus, mangel på gang- og sykkelstiar og mangel på allsidige fritidstilbod. Dette vil vere forhold som foreldre, politikarar og andre vaksne må jobbe for å betre.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor skal vi vere svært forsiktige med å seie at ein stad ikkje er bra for barn å vekse opp på?
  2. Kva er meint med at ein må finne ut kva moglegheiter som finst på ein stad, og ta dei i bruk?
    Kan du gi eit døme på dette?
  3. Ta utgangspunkt i nokre av dei stadene som de i klassen har budd på. Skriv dei opp på tavla og skriv opp alt de meiner er bra med staden med tanke på at barn skal vekse opp der. Bruk krit i ein annan farge og skriv ned alt de meiner burde vore betra på staden. Diskuter det de har skrive opp på tavla.
  4. Såg de mest på moglegheitene eller utfordringane då de jobba med oppgåve tre? Kva fortel svaret deg?

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag