Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
  5. Kva er oppvekstmiljø?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er oppvekstmiljø?

I Noreg definerer vi eit godt oppvekstmiljø som eit miljø som gir barna trygg og sikker oppvekst med like moglegheiter. Målsetjinga er at alle skal ha ein god barndom og ungdom, anten vi er fattige eller rike, gutar eller jenter, og anten vi bur på landet eller i byen.

Hus som holder på å falle. Illustrasjon.

Påverknad av oppvekstmiljø

Først og fremst består oppvekstmiljøet av dei gruppene som barna høyrer til. Deretter blir kvaliteten på miljøet bestemt av dei ressursane som finst i kvardagen til barna: i barnehagen, i skulefritidsordninga, på skulen, i fritidsaktivitetane og i dei fysiske omgivnadene dei har rundt seg. I tillegg blir oppvekstmiljøet påverka av ei rekkje andre overordna vilkår.

Nokre av desse vilkåra er:

Fysisk miljø, buforhold, familie, biologisk arv, økonomi, sosial arv, ernæring og fysisk fostring, helsetenester, skule, barnehage, natur, helse, sosiale forhold, livssyn og moral, fritidsforhold, kulturell bakgrunn, politisk system, kjønnsroller og massemedium.

Dei ulike faktorane heng saman, men miljøet vi veks opp i, bestemmer ikkje nødvendigvis korleis vi blir som vaksne. Mange menneske lykkast godt, trass i at dei har svake føresetnader. I desse tilfella kjem ofte suksessen av at dei som barn hadde minst éin vaksenperson som brydde seg om dei og hjelpte dei. Slike barn kallar vi gjerne «løvetannbarn»

Utfordringar til deg

Skriv ned korleis dei ulike faktorane påverkar oppvekstmiljøet til barn og unge.

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag