Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Lasting og lossingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Lasting og lossing

Vi kan laste og losse i eitt og same planet, mellom ulike plan eller ved å bruke skråplan. Her lærer du om ulike teknikkar for sikker lasting og lossing av transporteiningar.

Bilferje tar ombord bilder ved kai. foto.
Når vi bruker skråplan, treng vi ein lastelem mellom dei to plana, som ved ombordkøyring til og ilandkøyring frå ferjer. Lastelemmen må vere fast forankra slik at vi ikkje risikerer at han forskyv seg. Vi treng dessutan bremser ned skråplanet og motorkraft opp skråplanet.

Ved høgdeforskjell

Når vi lastar eller lossar mellom plan med høgdeforskjell, bruker vi hjelpemiddel som skråplan, truckar og kraner.

Skråplan
Bruk av skråplan og løfteutstyr til lossing og lasting.
Stigningsforhold
Stigningsforhold

Vi måler stigningsforholdet mellom to plan som forholdet mellom talet på meter med stigning og talet på meter med horisontal flytting. Om vi til dømes stig 1 m når vi flyttar oss horisontalt 10 m, har vi et stigningsforhold på 1:10. Ved låge stigningsforhold kan vi bruke skråplan, ved høge stigningsforhold må vi bruke truckar eller kraner.

På same planet

Figuren viser ein situasjon der lossing og lasting skjer i eitt og same planet. Vi utnyttar her at rullemotstanden på eit plant golv er liten. Vi lastar gods på jekketraller eller andre traller med hjul. På denne måten kan vi enkelt flytte gods mellom transportmiddel, internt på terminalar og mellom terminalar og transportmiddel. For å flytte lette kolli bruker vi manuelle traller, til tunge kolli bruker vi motordrivne traller.

Lasting og lossing i same planet.
Lasting og lossing i same planet.

Læringsressursar

Lasting og lossing