Hopp til innhald
Fagartikkel

Korleis skaper du eit effektivt nettverk?

Eit godt nettverk gjer livet enklare både privat og på jobb. Å bygge nettverk fell meir naturleg for nokre enn for andre. Den gode nyheita er at det kan lærast!

Artikkelen er ei oppsummering av kronikken Slik bygger du nettverk. BI Business Review skrive av Morten H. Abrahamsen (2016).

Eit nettverk gjer det mogleg å samarbeide med andre for å utvikle og dele ressursar, kunnskap og teknologi. Gjennom gode nettverk får deltakarane til meir saman enn kvar for seg. Ein viktig føresetnad for slikt samarbeid er tillit og gode personlege relasjonar.

Å utvikle nettverk

Du kan gå systematisk til verks for å bygge opp og utvikle nettverket ditt. Vi har fem viktige spørsmål du må stille deg i prosessen:

  1. Kva mål har du? Er du på jakt etter ny jobb? Ønsker bedrifta di nye kundar? Er du på jakt etter nye leverandørar? Treng du betre informasjon og kunnskap? Har du ny teknologi eller produkt som du ønsker å finne kjøparar til? Dersom du jobbar målretta, vil du ha større moglegheit for å lykkast.
  2. Kven kjenner du? Kven kan du samarbeide med i eksisterande nettverk? Tenk over kven du kjenner som kan introdusere deg eller har informasjon som kan vere nyttig for deg. Kan du bruke nokon av dei eksisterande kontaktane dine til å skape nye kontaktar?
  3. Kva kan du tilby? For å få må du dele. I eit nettverk har alle ein funksjon eller bestemte roller. Kva kan du tilføre nettverket? Kvifor skal nokon ønske å samarbeide med deg? Korleis blir nettverket sterkare når du deltek? Det kan vere informasjon, teknologi, kunnskap eller gode kontaktar du har.
  4. Korleis skal du få innpass? I tillegg til å ha noko å bidra med er det viktig å knyte til seg andre aktørar i nettverket. Bedrifter eller personar har ofte etablerte samarbeidsforhold. Når du ønsker innpass, kan det innebere at andre må vike, eller at prosessar må gjerast på nye måtar.
  5. Kva eigenskapar treng du? Nettverksbygging er eigentleg systematisk relasjonsbygging. Frå forskinga veit vi at tillit, samarbeid, læring, deling og openheit er føresetnader for å etablere gode relasjonar. Vi veit òg at gode relasjonar er forpliktande og krev langsiktig arbeid.

Nettverket ditt er viktig for arbeidsgivaren

Når du får ny jobb, får arbeidsgivaren din tilgang til nettverket ditt. I tilsetjingsprosessar er mange derfor opptekne av kva for eit fagleg fellesskap og kompetansenettverk du som kandidat tek med deg inn i bedrifta.

Lag ein profesjonell Linkedin-profil og bruk han til å knyte til deg relevante kontaktar når du har moglegheit til det. Pass på å at profilen din alltid er oppdatert.

Kjelde

Abrahamsen, M. H. (2016, 14. mars). Slik bygger du nettverk. BI Business Review. https://www.bi.no/forskning/business-review/articles/2016/03/fem-rad-for-a-bygge-nettverk/