Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spegelbiletet

Av og til kan det vere nyttig å sjå seg sjølv i spegelen og spørje seg sjølv: Er eg ein så god kollega som eg kan?
To kvinnelege kollegaer på eit kontor sit vendt mot kvarandre og ser ut til å ha ein engasjert samtale. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ansiktsuttrykket ditt, kroppsspråket ditt, blikket ditt og korleis du svarer og spør, påverkar korleis du blir opplevd av dei du jobbar saman med. Korleis trur du sjølv at du er som kollega?

Oppgåve 1

Sjå deg sjølv i spegelen og svar ærleg på spørsmåla under. Noter nøkkelord og grunngi svara dine.

  • Korleis tenkjer du at kollegaene dine opplever deg – på godt og vondt?
  • Korleis ville ein kollega beskrive deg med tre setningar?
  • Er det noko ved deg sjølv som du veit at du kan jobbe med når det gjeld måten du møter kollegaene dine på?

Oppgåve 2

  • Diskuter i klassa kva som kjenneteiknar ein god kollega. Bli samde om minst ti punkt som de meiner kjenneteiknar ein god kollega.

Oppgåve 3

  • Gå saman i grupper på tre og tre elevar.
  • Diskuter gruppevis korleis ein leiar kan jobbe for å sikre eit godt arbeidsmiljø, og kva leiaren kan gjere for å skape eit godt kollegasamarbeid.
  • Noter svara dykkar og diskuter dei i klassa. Er de samde? Saml dykk om det de meiner er dei ti viktigaste punkta.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Møtet med bedrift, kollegaer og eksterne