Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetikk og normer i arbeidslivet

Yrkesetikk handlar om kva som er rett og gale på arbeidsplassen, og om korleis vi grunngir dei vala vi gjer. Korleis blir det forventa at du oppfører deg i praksisbedrifta? Korleis er yrkesetikken? Når bør du seie frå?
Illustrasjon der nesten heile biletflata er fylt med rader av nullar og eittall. Midt i biletet manglar det ein del siffer. Ved sida av den tomme flata i midten er det plassert ein liten mann. Han ber ei mengd nullar og eittall over hovudet sitt og spring mot høgre, bort frå biletmidten.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Yrkesetikk i praksisbedrifta


Å ta eit etisk val vil seie å ta stilling til kva som er rett og gale. Nokre val kan ha ubehagelege konsekvensar, anten for deg sjølv, for ein kollega eller for ein kunde. Beskriv situasjonar i praksisbedrifta di der du kan vere nøydd til å ta yrkesetiske val.

  1. Gjer greie for dei skrivne og uskrivne yrkesetiske reglane som gjeld i praksisbedrifta.

  2. Kva for nokre yrkesetiske krav og forventningar har praksisbedrifta til deg?

  3. Korleis bør leiaren din opptre med tanke på god yrkesetikk?

  4. Kva for nokre etiske dilemma kan oppstå i praksisbedrifta?

Still gjerne desse spørsmåla til kontaktpersonen din i bedrifta.

Oppgåve 2: Yrkesetiske dilemma

Mann og kvinne står og ventar på heisen. Mannen har handa si på rumpa til kvinna.

Nokre gonger kan det oppstå situasjonar på arbeidsplassen din som gjer at du må ta eit yrkesetisk val. Sjå på døma under og skriv kva du ville gjort i dei ulike situasjonane

  • om du var ein vanleg medarbeidar

  • om du var ein leiar og oppdaga ein av situasjonane

Døme på aktuelle situasjonar:

  1. Ein kollega kjem ofte for seint og ber deg dekkje over det.

  2. Ein kollega låner stadig med seg utstyr frå jobben heim.

  3. Ein kollega kommenterer vekta til ein annan kollega og seier at vedkommande burde trene meir.

  4. Ein kollega går ofte heim ein halvtime før arbeidstida er over, utan at leiaren din veit om det.

  5. Ein kollega avsluttar ein telefonsamtale med ein brukar og kallar brukaren ein idiot.

  6. Ein leiar ber deg jobbe i helga utan overtidsbetaling, og seier at det er fordi du ikkje har jobba effektivt nok tidlegare i veka.

  7. Ein kollega snakkar alltid i telefonen i staden for å yte service til kundar eller brukarar – når leiaren ikkje ser det.

  8. Ein leiar bruker konsekvent feil kjønnspronomen på ein kollega som er trankjønna.

  9. Ein kollega tek ofte litt for lange lunsjpausar.

  10. Ein kollega bruker telefon og anna kontorutstyr til private formål.

  11. Ein leiar kommenterer alltid kroppen til kvinnelege medarbeidarar bak ryggen deira, og gir dei poeng frå 1 til 10.

  12. Du er invitert på ein helgetur, men skal eigentleg på jobb. Du fortel ei løgn om at du har time hos legen, slik at du kan gå tidlegare heim på fredag.

Har du andre døme frå praksisbedrifta di?

Oppgåve 3: Normer i praksisbedrifta


To menn og ei kvinne sit ved eit bord i eit møterom. Den eine mannen snakkar, dei to andre lyttar. På bordet er det ein pc, papir og ein penn. Foto

I alle bedrifter finst det ulike normer. Desse normene fortel noko om korleis det blir forventa at du oppfører deg når du er på jobb. Dei gjeld òg når du er på kurs, på reise og i andre samanhengar der du representerer bedrifta.

Beskriv dei skrivne og uskrivne normene som gjeld i praksisbedrifta.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Etisk bevisstheit for IT-personell