Etiske retningslinjer for IT-bransjen - Brukarstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Etiske retningslinjer for IT-bransjen

Som IT-medarbeidar vil du ofte møte etiske problemstillingar. Til dømes vil du i mange tilfelle ha tilgang til personlege data. Dersom bedrifta du jobbar i, har fastsett etiske retningslinjer, er det enklare å vite kva du skal gjere i vanskelege situasjonar.


Etiske retningslinjer seier noko om verdiane og det moralske kompasset til ei bedrift. Eit kjent døme er Googles tidlege motto «Don't be evil». Etiske retningslinjer er ikkje det same som lover og reglar, men er noko bedrifta har i tillegg. Retningslinjene seier noko om korleis dei tilsette skal oppføre seg, og om korleis selskapet ønskjer å bli oppfatta i offentlegheita. Det er vanleg at store bedrifter har lange og detaljerte etiske retningslinjer (eller code of conduct på engelsk), som gjerne er offentleg tilgjengelege, og som også seier noko om korleis selskapet vil framstå utanfrå. Selskap med base i USA er ofte opptekne av å sikre seg mot å bli erstatningsansvarlege dersom ein tilsett gjer noko uforsvarleg, og derfor ønskjer dei å sikre seg gjennom å kunne vise til at den tilsette i slike tilfelle handla i strid med retningslinjene til selskapet.

Ein del bedrifter, spesielt små bedrifter, har ikkje formaliserte (nedskrivne) etiske retningslinjer, men det er likevel nokre uskrivne reglar som gjeld, og som dei tilsette blir kjende med etter kvart. For desse bedriftene kan det vere lurt å formalisere dei etiske retningslinjene, slik at det blir lettare for nye tilsette å vite kva som er forventa av dei som jobbar i bedrifta.

Innhaldet i dei etiske retningslinjene

Innhaldet i dei etiske retningslinjene varierer frå bedrift til bedrift. Bedrifter er ulike, og dei arbeider i ulike delar av IT-bransjen. Dei konkrete etiske retningslinjene må derfor ta utgangspunkt i særtrekk hos både bransjen og bedrifta.

I Norge ser vi først og fremst på etiske retningslinjer som et verktøy for å påvirke adferden og kulturen i bedriften. Da er det viktig at reglene er:

  • enkle å forstå (konkrete, trekker klare grenser som ikke krever juridisk eller annen spesialkompetanse)

  • relevante for medarbeidernes hverdag og de utfordringer og dilemmaer som kan oppstå

  • har begrenset omfang (slik at de er lette å sette seg inn i)

Etiske retningslinjer - NHO

Alle i bedrifta vil ha noko å bidra med når det gjeld kva for nokre etiske retningslinjer bedrifta skal ha. I tillegg til sjølve reglane må det vere omtalt korleis retningslinjene skal følgjast opp. Brot på retningslinjene må dokumenterast, og dei må få konsekvensar. Det vil seie at det må vere bestemt korleis bedrifta skal reagere når nokon bryt retningslinjene.

ACM Code of Ethics and Professional Conduct

IT-bransjen er i dag med på å forandre og forme samfunnet og verda vi lever i. Tenk på kor mange gonger kvar dag du bruker smart teknologi. All denne teknologien er utvikla av eit fåtal menneske, men han påverkar millionar av menneske over heile verda. Då er det viktig at dei som lagar teknologien, tenkjer på kva innverknad han vil ha på verda og menneska som bruker han.

Association for Computing Machinery (ACM), verdas eldste og største vitskaplege selskap for informatikk, med over 100 000 medlemmer, har derfor utvikla nokre generelle etiske retningslinjer for IT-bransjen:

  • Bidra til samfunnet og menneskeleg velferd, og anerkjenn at alle menneske er interessentar i databehandling.

  • Unngå å gjere skade.

  • Ver ærleg og påliteleg.

  • Ver rettferdig og ta grep for å ikkje diskriminere.

  • Respekter arbeidet som må til for å produsere nye idear, oppfinningar, kreative arbeid og teknologiartefaktar.

  • Respekter personvernet.

  • Ta vare på konfidensialitet.

Etiske prinsipp for kunstig intelligens

Kunstig intelligens (KI) kan brukast til arbeid som tidlegare har kravd eit menneske eller ein analyse maskiner ikkje har kunna gjere før no.

Vi har derfor etiske utfordringar i samband med å la maskiner ta avgjerder som tidlegare har vore avhengige av eit menneske som gjer etiske vurderingar og kan sjå ting i kontekst på ein måte som eit datasystem ikkje kan gjere.

Vi kan òg la kunstig intelligens analysere data på nye måtar som kan vere inngripande. Med store data kan ein til dømes sjå trendar som gjer det mogleg å avdekkje (og med god sikkerheit fastslå) sensitive personopplysningar basert på store mengder data som i utgangspunktet ikkje er sensitive.

Kunstig intelligens er derfor eit fagfelt der det blir lagt ekstra vekt på etikk og etiske retningslinjer. EU-kommisjonen har sett ned ei ekspertgruppe som har utarbeidd etiske retningslinjer for påliteleg bruk av kunstig intelligens. Desse retningslinjene er inkluderte i regjeringas nasjonale strategi for kunstig intelligens, som blei lagd fram i januar 2020.

Vi må utnytte den innovasjonskraften som ligger i kunstig intelligens – både i offentlig sektor og næringslivet. Men vi mener at det bør skje på en etisk og menneskevennlig måte som respekterer menneskerettighetene, personvernet og demokratiet. Derfor inneholder strategien syv etiske prinsipper som vi forventer at følges i Norge.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup (14. januar 2020)

Dette er dei sju etiske prinsippa for utvikling og bruk av kunstig intelligens i Noreg:

  1. KI-baserte løysingar skal respektere menneskets sjølvråderett og kontroll.

  2. KI-baserte system skal vere sikre og teknisk robuste.

  3. KI skal ta omsyn til personvernet.

  4. KI-baserte system må vere gjennomsiktige og etterprøvbare.

  5. KI-system skal leggje til rette for inkludering, mangfald og likebehandling.

  6. KI skal vere nyttig for samfunn og miljø.

  7. KI-baserte system skal vere baserte på ansvar og revisjon.

Relatert innhald

Skrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021