Hopp til innhald

Fagstoff

Etiske utfordringar i IT-bransjen

Tilsette i ei IT-avdeling har ofte tilgang til personlege og konfidensielle data, viktige system og kunnskap som kan misbrukast. Som IT-medarbeidar kan du ofte kome opp i situasjonar der du må bruke dømekraft og det etiske kompasset ditt for å vite kva du bør gjere.
Ei forretningskvinne med hovudsett smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er yrkesetikk?

Uansett kva jobb vi har, kjem dei fleste av oss opp i situasjonar der det er viktig å vurdere kva som er rett og gale – altså etikk. Etikken viser seg i haldningane og handlingane våre. Det er god etikk å behandle alle kundar med same respekt. Det er dårleg etikk å la kundebehandlinga bli påverka av hudfarge, funksjonshemming, religion, kjønnsidentitet eller seksuell orientering.

To unge kvinner sit ved eit skrivebord med laptoper, skrivesaker og ein mobiltelefon. Dei ser på kvarandre. Den eine ser overraska ut og har hendene føre munnen, medan den andre held ein finger opp mot munnen for å seia hysj. Foto.

IT-medarbeidarar har ofte tilgang til konfidensielle data, som e-postkontoar og lagringsområde. Som supportpersonell vil du kome i situasjonar der du må gå gjennom dei personlege filene til ein tilsett for å løyse eit problem eller finne årsaka til ein feil. Då er det viktig å vere profesjonell og ikkje bli freista til å sjå på meir enn det som er nødvendig for å fullføre oppgåva. Som IT-konsulent kan du til dømes møte leverandørar som tilbyr deg personlege fordelar for å anbefale deira produkt framfor andre sine. Som IT-ansvarleg med ansvar for innkjøp og tryggleik må du tenkje på om dei du kjøper utstyr og tenester frå, opptrer etisk forsvarleg med tanke på behandling av personopplysningar, miljø og menneskerettar.

I slike tilfelle er det viktig å tenkje på kva som er rett og gale, og kva konsekvensar handlingane dine kan få.

Etiske utfordringar

I arbeidslivet og på skulen støyter vi på mange situasjonar og spørsmål som har ei etisk side. Kva er det gode? Kva er det rette? Kvar går grensa mellom rett og gale?

Ei hackar sit framfor ein laptop med ein mobiltelefon i kvar hand. På skrivebordet står tre skjermar med tal, kodar og eit piratflagg. Laptopen viser nettsida «Facebook Hacker». Foto.

Vi kan tenkje oss mange spørsmål som krev etiske vurderingar:

  • Mange bedrifter overvaker kva dei tilsette gjer på internett. Det er lurt av mange grunnar, blant anna for å ta vare på datasikkerheita og for å kunne feilsøkje om det har oppstått eit problem. Men er det greitt å sjekke loggane til dei tilsette berre for å sjå om dei gjer jobben sin? Er det greitt å logge kva nettsider dei vitjar, både i og utanom arbeidstida, så lenge dei bruker utstyr frå bedrifta?

  • Nokre bedrifter installerer overvakingsprogramvare på datamaskinene til dei tilsette, til dømes ein keylogger, som lagrar alt som blir skrive inn på tastaturet, eller program for fjerntilkopling, som gjer det mogleg å sjå kva som skjer på skjermen, og når som helst ta kontroll over datamaskina. Er det greitt? Er bedrifta nøydde til å opplyse dei tilsette om dette?

  • Dei fleste «vanlege» tilsette og sjefar veit lite om datasystem og forstår lite om kva som trengst for å installere, vedlikehalde og sikre eit datasystem. Det kan derfor vere enkelt å overdrive kor mykje arbeid som må til for å løyse eit problem, eller kor mykje utstyr ein treng for å gjere ei oppgåve. Er det greitt å utnytte folks vankunne og å overdrive kompleksiteten i ei oppgåve eller selje inn unødvendig dyre og kompliserte løysingar for å maksimere profitten for di eiga bedrift?

  • IT-personell har tilgang til filer og data som tilhøyrer dei tilsette. Nokre gonger kan det vere freistande å lese private filer eller e-postar. Kanskje jobbar du ein stad der det går mange rykte, og du har høve til å stadfeste eller avkrefte dei ved å lese gjennom ein e-post-tråd, eller kanskje du kan få tak i informasjon som kan gi deg eit fortrinn i jobben din. Kanskje finn du bevis på at bedrifta du jobbar i, bryt etiske retningslinjer eller lover og reglar. Kanskje finn du bevis på at ein tilsett har gjort noko som skader bedrifta, eller kanskje til og med noko kriminelt. I alle desse tilfella står du i eit etisk dilemma: Skal du halde det du har funne ut, for deg sjølv, eller skal du seie frå til kollegaer eller sjefen din?

Etiske dilemma

I dei fleste tilfella er tilgang til konfidensiell eller privat informasjon ikkje noko problem. Så lenge du ikkje gjer noko ulovleg eller uetisk, skader du ingen. Problemet oppstår når du av ein eller annan grunn oppdagar informasjon som set deg i eit etisk dilemma. Det vil seie at du blir usikker på kva som er riktig å gjere.

Det finst inga «oppskrift» på korleis du bør handtere etiske dilemma, og det finst ofte ikkje noka heilt riktig løysing på slike problem. Det betyr sjølvsagt ikkje at det er likegyldig korleis du handlar. Eit etisk dilemma krev som oftast at du tenkjer nøye igjennom konsekvensane av dei vala du står overfor, og det er ofte ein fordel å diskutere saka med ein utanforståande du stoler på. Det er sjølvsagt ein føresetnad at dette ikkje kan skape ytterlegare problem.

Typisk for etiske dilemma er at du kjem i ein lojalitetskonflikt overfor arbeidsgivaren, kollegaer eller myndigheiter. Dersom du til dømes oppdagar at ein kollega har søkt jobb hos ein konkurrent, tilseier lojalitet til verksemda og arbeidsgivaren at du opplyser leiinga om det. Samtidig tilseier lojaliteten til kollegaen at du ikkje seier noko.

Det beste er sjølvsagt å unngå å setje seg sjølv i ein slik situasjon. Du må vere bevisst på å unngå å lese informasjon som er av privat eller konfidensiell karakter, sjølv om det kan vere aldri så freistande. Dersom du likevel kjem i ein situasjon der du oppdagar noko som kan skape ein konfliktsituasjon, bør du la den som er ansvarleg for informasjonen, få vite det, slik at han eller ho får høve til sjølv å rydde opp i situasjonen eller oppklare eventuelle misforståingar.

Du må vere bevisst på å unngå å lese informasjon som er av privat eller konfidensiell karakter, sjølv om det kan vere aldri så freistande.

Smørjing

Ei hand rekkjer fram ei sølvfarga gåveeske med rosa band. Ei kvinne held opp hendene med handflatene ut for å vise at ho ikkje vil ta imot gåva. Foto.

Ei gåve kan vere ei hyggjeleg merksemd. Men i arbeidslivet er det kort overgang frå gåver til smørjing for å oppnå fordelar. Stadig fleire medarbeidarar blir utsette for smørjing. Undersøkingar viser at forsøk på smørjing er vanleg i mange bransjar.

Kva er det greitt å gi til forretningskontaktar? Når er det greitt å bli med ein leverandør på tur – eller å invitere ein kunde? Kva bør eg tenkje på om det blir aktuelt å dekkje utgifter for moglege kundar? Kva er greitt og kva er ikkje greitt når det gjeld smørjing?

Korrupsjon

Ein mørkkledd person rekkjer ein konvolutt til ein annan mørkkledd person, som rekkjer ein bunke tusenlappar tilbake. I bakgrunnen ser vi eit kontorbygg med Statoil-logo. Foto.

I straffelova er korrupsjon definert som å gi/tilby eller krevje/få/akseptere ein utilbørleg fordel i samband med utøving av stilling, verv eller oppdrag. Korrupsjon er ikkje berre uetisk, det kan straffast med fengsel i inntil tre år – og inntil ti år dersom korrupsjonen er grov.

Kvifor er det så viktig å kjempe mot korrupsjon?

  • Korrupsjon er ein trugsel mot rettsstaten, demokratiet og menneskerettane fordi korrupsjon svekkjer etiske og moralske verdiar.

  • Korrupsjon er det største hinderet for sosial og økonomisk utvikling i den tredje verda.

  • Korrupsjon skaper forskjellsbehandling og hindrar sosial rettferd.

  • Korrupsjon undergrev ærleg konkurranse og fører til konkurransevriding.

  • Korrupsjon kan påføre bedrifter direkte økonomiske tap og svekt omdøme.

Seksuell trakassering og diskriminering

Mann legg hendene på skuldrene til kvinneleg kollega. Foto.

I IT-bransjen jobbar det mange fleire menn enn kvinner. I Noreg utgjer kvinner 26 prosent av alle som jobbar i bransjen, og 17 prosent av toppleiinga. Mange kvinner har meldt frå at dei møter dårlege haldningar frå menn i bransjen, at dei møter fordommar om at dei ikkje har like god teknologiforståing som sine mannlege kollegaer, at dei blir forbigått ved forfremjingar, at dei får mindre betalt enn menn som gjer same jobb, og at dei har opplevd seksuell trakassering eller seksuelle overgrep frå mannlege kollegaer og leiarar. Seksuell trakassering kan til dømes vere kommentarar om kropp og utsjånad, upassande berøring eller tilbod om sex i byte mot fordelar og forfremjingar på jobb. Nært opptil tre firedelar av kvinner i IT-bransjen seier at dei har opplevd diskriminering på arbeidsplassen, og to av fem seier at dei har opplevd seksuell trakassering, ifølgje ei undersøking frå 2018.

#metoo-bevegelsen

Raudhåra jente held opp ark med tekst #METOO. Foto.

Metoo var ein kampanje i sosiale medium, som starta i 2017. Kampanjen handla om at kvinner som hadde opplevd overgrep og seksuell trakassering, brukte emneknaggen #metoo for å vise kor stort dette problemet er. Oppmodinga kom frå skodespelaren Alyssa Milano på Twitter, og eit døgn etter tweeten hennar hadde ein halv million menneske svart, og 12 millionar kommentarar blei delte på Facebook.

Hovudsaka i #metoo-kampanjen var å setje søkjelyset på seksuell trakassering frå overordna i arbeidslivet og i andre omstende med skeiv maktfordeling. Mange mannlege skodespelarar, produsentar, næringslivsleiarar og politikarar måtte trekkje seg frå posisjonane sine som følgje av avsløringar i kjølvatnet av kampanjen. #metoo blei etter kvart ei global rørsle, og #metoo har bidrege til å senke terskelen for å seie frå om seksuell trakassering og diskriminering i arbeidslivet.

I Noreg handla diskusjonane omkring #metoo mykje om kjønn og makt i arbeidslivet, og mange bransjar starta sine eigne opprop for å rette merksemda mot korleis dei ulike bransjane kunne jobbe mot seksuell trakassering. I IT-bransjen blei eit slikt opprop kalla #systemdown (aftenposten.no). Initiativtakarane var leiarar i nokre av dei største interesseorganisasjonane i IT-bransjen, og dei oppmoda toppleiarane i IT-selskap til å signere oppropet, som du kan lese under.

Les meir om #metoo i Store norske leksikon (snl.no).

Varsling

Varsling er når ein arbeidstakar seier frå om eit kritikkverdig forhold på arbeidsplassen. Det kan vere brot på lover og reglar, brot på dei etiske retningslinjene på arbeidsplassen eller brot på andre etiske normer. Dei fleste store bedrifter har eigne prosedyrar for korleis ein skal gå fram når ein varslar. Vanlegvis skal eit varsel gå til nærmaste leiar, eller det kan gå til tillitsvald, verneombod eller offentlege styresmakter. Kven ein varslar til, er avhengig av kva ein vil varsle om, og av alvorsgrada i varselet. I nokre spesielle tilfelle kan det òg vere aktuelt å varsle media.

Etiske retningslinjer

Enkle retningslinjer og spørsmål kan vere til stor hjelp om vi er i tvil om kva som er rett og gale, klokt og uklokt. Mange fagorganisasjonar og bedrifter har yrkesetiske retningslinjer for medlemmer og tilsette.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune, Kjell Rosland og Arne Jansen.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Etisk bevisstheit for IT-personell