Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva verdiar er viktige for deg?

Når vi blir stilte overfor konkrete val, verkar verdiane som ei rettesnor for å finne ut kva alternativ som er best. Det gjeld anten det dreier seg om dei store spørsmåla i tilværet, eller små, daglegdagse spørsmål. Kva er viktige verdiar for deg?
Ung mann klør seg på haka. Frå hovudet kjem det tre tankebobler med bilete av ein mann, eit lodd verdt 20 millionar og ein baby. I bakgrunnen er det mange spørsmålsteikn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Individuelt: Sjå på verdiane som er lista opp nedanfor, og reflekter rundt kva for nokre av dei som er aller viktigast for deg. Skriv ned 3–5 verdiar som er viktige for deg, med ei grunngiving for kvifor dei er viktige for deg.

  • vere ansvarleg

  • ha pengar og materielle ting

  • ikkje jukse

  • ha respekt

  • sjå bra ut

  • ikkje diskriminere menneske

  • vere hjelpsam

  • vere populær

  • vere lovlydig

  • følgje trendar og mote

  • lytte til andre menneske

  • vere i god form

  • vere pliktoppfyllande

  • ha den nyaste mobilen

  • vere rettferdig

  • vere trufast mot venner

  • å vinne

  • vere ærleg

  • vere omtenksam

I grupper på 3–4 elevar: Ta med notata dykkar og gå ein tur rundt skulen medan de diskuterer og grunngir verdiane dykkar.

I klassen: Presenter dei tre verdiane de på gruppa synest er viktigast – med grunngivingar. Reflekter over grunngivingane og diskuter korleis verdiane dykkar oppstår, og kvifor verdiar er viktige.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen, Kjell Rosland og Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Etisk bevisstheit for IT-personell