Hopp til innhald

Fagstoff

Makt og kommunikasjon i lokale og globale samanhengar

Makt er evna til å få andre til å gjere det du vil, sjølv om dei ikkje har lyst. Korleis påverkar makta kommunikasjonen i lokale og globale samanhengar?
Ei grupper personar demonstrerer fromfor Stortinget. På plena bak dei står mange masker forma som ei svart-kvit utgåve av motivet i måleriet Skrik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makt

Makt kan påverke kommunikasjonen, men kommunikasjon kan òg skape, forsterke eller utfordre makt. Derfor er det viktig å stille spørsmål om kven som har makt i ein kommunikasjonssituasjon, og undersøke korleis dette kjem til uttrykk i kommunikasjonen.

Så kva er makt? Makt handlar om moglegheita du har til å få andre til å gjere som du vil, anten dei vil det sjølve eller ikkje.

Makt og avmakt

Makt er ein eigenskap ved relasjonar, anten det er relasjonen mellom landa i verda eller mellom to menneske. Makt oppstår når nokon har overtaket over den andre, gjennom å kontrollere ressursar, idéar eller tvangsmiddel.

Det er ein forskjell mellom det å ha påverknad på andre og det å ha makt over andre. Makt skaper avmakt: Viss nokon har makt over deg, kan du lett kjenne avmakt og bli låst i den posisjonen, fordi overtaket deira avgrensar moglegheitene dine til å gjere motstand.

Tenk over / diskuter

Makt er å kunne få andre til å gjere det du vil dei skal gjere, sjølv om dei ikkje ønsker det sjølve. Kven har då makt over deg, og korleis utøver dei denne makta?

Implisitt og eksplisitt makt

Det kan vere nyttig å skilje mellom eksplisitt og implisitt sosial makt (Caza et al., 2011). Implisitt makt er noko du får når andre anerkjenner statusen eller kompetansen din. Eksplisitt makt blir utøvd ved å direkte hevde makta over andre. Den implisitte makta er avhengig av legitimering frå dei underordna, at dei godkjenner grunnlaget for makta, mens den eksplisitte makta er bygd på frykt og truslar.

Vi kan seie at både implisitt og eksplisitt sosial makt blir skapte gjennom kommunikasjon. Den eksplisitte makta blir definert av at ho blir kommunisert direkte, men statusen og kompetansen som er grunnlaget for den implisitte makta, må òg vere kjende for dei andre for at dei skal underordne seg.

Status kan uttrykkast gjennom både klesdrakt, tonefall og kroppshaldning. Pierre Bourdieus teoriar om habitus og kulturell kapital handlar jo nettopp om korleis makta til enkelte grupper blir legitimert og halden oppe gjennom å meistre kulturelle kodar.

Tenk over / diskuter

Kva former for status og kompetanse gir makt på ungdomsskulen? Kva med på jobb i vaksenlivet?

Definisjonsmakt

To nyhetsanker framfor kameraa i nyheisstudioet til NRK. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å ha eit maktperspektiv når du analyserer kommunikasjon, kan både handle om korleis maktrelasjonar som avsendar og mottakar inngår i, påverkar kommunikasjonen, og om korleis uttrykket i kommunikasjonen kan bidra til å utfordre eller stadfeste makt.

Å ha definisjonsmakt er å bestemme kva vi skal snakke om, eller til og med bestemme kva som er bra og dårleg, sant og ikkje sant. Kva stemmer som får sleppe til i media, er med på å bestemme kva perspektiv som blir kommuniserte. Minoritetar har lenge vore lite representert i media, og dette har gjort at majoriteten har fått ei stor definisjonsmakt i samfunnet.

Strukturell makt

Makt er ein faktor både på mikronivået i kommunikasjonen, mellom enkeltmenneske, og på makronivået, samfunnsnivået. Det er òg ein samanheng mellom desse to nivåa. Makt på makronivået påverkar òg aktørane i konkrete kommunikasjonssituasjonar, og samhandling på mikronivå bidreg til å etablere, halde oppe eller utfordre makt på samfunnsnivået.

Strukturell makt er maktutøving som kjem frå makronivået, altså korleis samfunnet er bygd opp. Ho kan vere usynleg, fordi ho er upersonleg, men likevel svært verksam.

I dette videoklippet frå NRK om gutar og jenter blir behandla likt i barnehagen, ser vi korleis den strukturelle skeivskapen i makt mellom kvinner og menn kjem til uttrykk i ei umedviten forskjellsbehandling av barna. Sjølv om alle dei tilsette er opptekne av likestilling, får jentene mykje mindre merksemd og taletid gjennom heile dagen.

Som du ser av NRK-klippet, er strukturell makt noko det kan vere svært vanskeleg å få auge på når han blir utøvd i kommunikasjonen. På 70-talet identifiserte sosialpsykolog Berit Ås ulike hersketeknikkar som blir brukte i kommunikasjonen, for at det skulle bli lettare å seie frå når du vart utsett for ei slik maktutøving.

Strukturell rasisme

Strukturell rasisme er òg makt som blir utøvd gjennom usynlege mekanismar og samfunnsinstitusjonar som er rigga slik at nokre grupper får systematisk fleire fordelar enn andre grupper. Diskursar som definerer menneske ut frå gruppetilhøyrsel, kan vere eit viktig bidrag til slik strukturell rasisme.

Makt som skapande kraft

I teoriane til Michel Foucault om diskurs er makt noko som strøymer gjennom oss alle, og som blir utøvd gjennom språket i samhandling med andre. Dette er krefter som ikkje nødvendigvis berre er negative, men som er med på å skape rammene vi lever innanfor i samfunnet. Diskursanalysen er oppteken av å undersøke kva som ligg bak etablerte sanningar i kommunikasjonen, fordi alle slike sanningar som vi tek for gitt, kjem frå ein stad. Å forstå korleis dei blir til, seier oss mykje om maktforhold i samfunnet.

Tenk over / diskuter

Kan vi seie at makta vaksne har over elevar i skulen, er ei strukturell makt? Mange vil seie at maktforholdet mellom vaksen og elev er mykje jamnare enn det var for 100 år sidan. Korleis trur du denne endringa har skjedd?

Ein rein er fanga med lasso av ein person på skuter. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makt og kunnskap

Ein sosial relasjon der den eine har meir makt enn den andre, kallar vi ein asymmetrisk relasjon. Korleis kan kunnskap gi deg overtaket i kommunikasjonen?

Filosofen Michel Foucault peika på at den eller dei som har makta i asymmetriske relasjonar, ofte har tilgang til kunnskap om den andre. Lærarrolla er ein posisjon som gir rett til å både overvake og spørje ut elevar. Denne kunnskapen om den andre gir eit overtak i kommunikasjonen.

Kunnskap om korleis kommunikasjon fungerer, er òg noko som kan gi deg eit overtak. Retorikken er eit døme på slik kunnskap. Retorikk gir deg reiskapar til å påverke andre menneske, men kunnskap om retorikk kan òg verne deg frå maktutøvinga til andre fordi du gjennomskodar retoriske grep i kommunikasjonen.

Å definere kva som blir rekna som kunnskap, gir eit overtak

Det ligg òg strukturell makt i kva som blir definert og verdsett som kunnskap i eit samfunn. Pierre Bourdieu peika på at skulesystemet verdset og formidlar det middelklassen meiner er kunnskap. Fleire har retta merksemda mot kunnskapen til urfolk (indigenious knowledge) som ei eiga kunnskapsform, med meir fokus på fysiske, kroppslege og kollektive måtar å tileigne seg og formidle kunnskap på. Vivi Vold har forska på dette frå ein grønlandsk urfolks-ståstad, og ho peikar på at "[d]et er først når det er på skrift at det blir regnet som kunnskap" (Gongøy, 2021).

Tenk over / diskuter

Mange føretrekker lukka framfor opne profilar på sosiale medium. Kvifor det?

Kan ein formidle kunnskap på ein like god måte gjennom film eller handarbeid som broderi, som ved skrift? Kvifor trur du skriftleg arbeid er så viktig i norsk skule?

Open plass i ein storby med skyskraparar, store neonskilt og mange menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Makt i globale samanhengar

Når vi ser på korleis makt blir utøvd på eit globalt plan, speler kommunikasjon ei viktig rolle òg i desse prosessane.

Ideologisk makt

Ideologisk makt er viktig på global skala. Dette er ein type makt som handlar om å definere korleis vi ser på verda. Mange vil seie at USA har hatt stor ideologisk makt på verdsbasis, og eit amerikansk verdsbilete har vorte formidla gjennom handel, varer, militære kampanjar og kulturuttrykk som filmar, tv-seriar, popmusikk og mote.

Postkolonialisme

Postkolonialistisk teori handlar òg om makt på eit globalt nivå. Han set ord på korleis europeisk og vestleg dominans har vorte skapt og halde oppe gjennom kommunikasjon av eit verdsbilete som set vestlege verdiar i sentrum. Dette perspektivet kan brukast både for å forstå maktovergrepa mot den samiske befolkninga og rasismen som mange med opphav frå ikkje-vestlege land opplever.

Tenk over / diskuter

Samisk kultur og samiske perspektiv har vorte mykje meir synlege i media dei siste åra. Kva verknad trur du det kan ha?

Kjelder

Caza, B., Tiedens, L. & Lee, F. ( 2011, 31. januar). Power becomes you: The effects of implicit and explicit power on the self. Organizational Behavior and Human Decision Processes, 114(1), 15–24. https://doi.org/10.1016/j.obhdp.2010.09.003

Engelstad, F. (2022, 24. januar). Makt. I Store norske leksikon. https://snl.no/makt

Gongøy, A. M. (2021, 24. februar). Hva er kompetanse? Nordens Institut i Grønland. https://napa.gl/då/hva-er-kompetanse/

Schei, A. (2020, 15. juni). Forsker mener Helgheim tar feil: Strukturell rasisme finnes. Khrono. https://khrono.no/forsker-mener-helgheim-tar-feil-strukturell-rasisme-finnes/496527

Svennevig, J. (2009). Språklig samhandling: Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Cappelen Damm Akademisk.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon, kultur og makt