Sosiale medium og aksjonsdemokratiet - Kommunikasjon og kultur 3 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosiale medium og aksjonsdemokratiet

I det representative demokratiet blir makta utøvd av politikarar som er valde av folket. Maktutøvinga blir overvaka av redaksjonelle medium. Sosiale medium er ein effektiv reiskap for aksjonistar og politikarar som ønskjer å mobilisere massane eller spreie bodskapar utan å bli motsagde.

Aksjonsdemokratiet

Sosiale medium bidreg sterkt til det nokon omtaler som . I aksjonsdemokratiet er engasjementet kopla til bestemte saker eller prosjekt. Ikkje uventa appellerer aksjonsdemokratiet sterkt til unge menneske, sidan standpunkta gjerne blir framstilte i svart-kvitt som riktige eller galne, gode eller vonde. Argumenta er ofte baserte på kjensler.

Det er meir uforpliktande å delta i ein aksjon enn i vanleg politisk verksemd. Av og til er det nok å trykkje på "Liker" på ei utsegn. Dermed blir innlegget spreidd vidare som eld i tørt gras, noko som automatisk genererer endå større engasjement – og gjerne òg demonstrasjonar som blir dekte av dei etablerte media.

Korleis gjekk det med Mustafa?

Hausten 2020 fekk Mustafa Hasan (18), elev ved Nesbru videregående skole, beskjed om at han på kort varsel måtte forlate Noreg. Grunnen var at mora hadde oppgitt feil statsborgarskap då Mustafa kom til Noreg som 6-åring.

Medelevane hans aksjonerte i sosiale medium. I løpet av få dagar samla dei inn 100 000 underskrifter frå folk som kravde at Mustafa måtte få bli.

Søk etter meir informasjon om saka. Korleis påverka aksjonen politiske meiningar og vedtak?

Sterke verkemiddel

Verkemidla er ofte sterke og "action-prega" når sosiale medium blir brukte som aksjonskanal. I 2012 blei ein video på YouTube brukt til å mobilisere folk over heile verda til å delta i ein aksjon der målet var å arrestere Joseph Kony, leiar for geriljarørsla Herrens motstandsarmé (LRA) i Uganda. Kjende artistar som Rihanna støtta aksjonen.

Ifølgje kommunikasjonsekspert Kjell Terje Ringdal spelte Kony 2012-aksjonen på velkjende verkemiddel: Han knytte seg nært opp til populærkulturen, han personifiserte bodskapen, og han brukte velkjende propagandaknep.

Bruk og misbruk av sosiale medium

Dei sosiale media er ikkje underlagde redaksjonell kontroll. Det gir menneske som lever i autoritære regime, moglegheit til å ytre seg. Dei kan mellom anna publisere historier om statleg maktmisbruk som etablerte medium kvir seg for å formidle. Sosiale medium blir òg brukte til å mobilisere massane til opprør mot autoritære leiarar.

Mange totalitære statar stengjer derfor ned sosiale medium, eller dei opprettar eigne sosiale medium som berre formidlar statleg propaganda. Teknologi kan òg brukast til å overvake og undertrykkje den politiske opposisjonen.

Under Julian Assange si leiing prøvde WikiLeaks i 2010 å endre maktstrukturane i verdspolitikken ved å leke hemmelegstempla informasjon om krigen i Afghanistan. Slik sette dei maktmisbruk i krig på den politiske dagsordenen verda over. Mange meiner at openheit, også i krig, er naudsynt i eit demokrati. Andre meiner at slike avsløringar set nasjonen si sikkerheit i fare.

Sosiale medium er samtidig ein arena der personar som ønskjer å spreie propaganda om andre folkegrupper, eller mobilisere massane til angrep på demokratiske institusjonar, har fritt spelerom. I 2018 meinte til dømes FBI å kunne bevise at Russland hadde betalt folk for å bruke sosiale medium til å påverke den amerikanske valkampen i 2016.

Angrep på demokratiet

Tidlegare president Donald Trump og medarbeidarane hans brukte bevisst Twitter til å underkjenne valresultatet ved presidentvalet i USA i 2020 under emneknaggen #stopthesteal. Meldingane eggja høgreradikale grupper til å storme kongressbygningen på Capitol Hill 6. januar 2021. Enkelte av deltakarane hadde eit klart ønske om å drepe dei folkevalde politikarane. Hendinga viser tydeleg korleis sosiale medium kan bidra til å undergrave og setje til side demokratiske prosessar og institusjonar.

Den som har makt over mediet, har makt over folket

Sosiale medium er ein nyttig reiskap for dei som ønskjer å spreie falske nyheiter, konspirasjonsteoriar og propaganda. Dette er i og for seg ikkje noko nytt. Filmen er òg eit medium som appellerer til kjenslene våre. Både Lenin og Goebbels skal i si tid ha uttalt at den som har makt over filmen, har makt over folket. I 1930-åra nytta nazistane filmmediet til å rane til seg makt i Tyskland, og seinare til å legitimere okkupasjon av andre statar og utrydding av fem millionar jødar.

Det som er nytt i vår tid, er at sosiale medium – på grunn av måten algoritmane fungerer på – har vist seg å vere langt meir effektive reiskapar for propaganda enn dei tradisjonelle media er. Som mottakarar er vi sjølv med på å spreie løgner og propaganda idet vi trykkjer på "Liker".

Søkjelys eller gapestokk?

er eit døme på ein verdsomspennande grasrotkampanje i sosiale medium der kvinner rettar søkjelyset mot uønskt seksuell merksemd. Det har ført til at ein i mange land har teke eit oppgjer med kulturar der menn i maktposisjonar misbruker og trakasserer kvinner.

Faren ligg i at sosiale medium lett kan brukast som ein offentleg gapestokk der dei som blir uthengde, ikkje har moglegheit til å forsvare seg. I mediekommentaren Anonymitet i Google-tida åtvarar til dømes Sven Egil Omdal om kva som kan skje dersom #metoo utviklar seg til #itwashim.

Diskuter med ein medelev

  • Er det riktig å henge ut namngitte personar i sosiale medium? Kvifor? Kvifor ikkje?

Kan sosiale medium kallast den femte statsmakta?

Tidlegare var dei redaksjonelle media åleine om å ha rolla som vaktbikkje og fungere som "den fjerde statsmakta”. I dag blir offentlege vedtak og politiske utsegner i stor grad vegne, målte og kommenterte av vanlege borgarar i sosiale medium. Mange meiner at dette er ein styrke for demokratiet. Kanskje kan sosiale medium omtalast som "den femte statsmakta"?

Men kva skjer dersom politikarar og regjeringsmedlemmer, med hjelp frå dyktige kommunikasjonsrådgivarar, sjølv tek initiativ til å mobilisere "den femte statsmakta" til støtte for eiga maktutøving? Kven er det som har makta då?

Angrep på politikarar

Eit anna problem er at nokon vel å bruke sosiale medium til å angripe politikarar som personar og til å spreie sjikanerande karakteristikkar, falske påstandar eller truslar. Det har ført til at mange politisk engasjerte borgarar, spesielt unge politikarar, vegrar seg mot å stille til val.

Politiets tryggingsteneste (PST) var i trusselvurderinga si i 2020 spesielt bekymra for auka sjikane, personleg uthenging og truande ytringar mot unge politikarar, kvinnelege politikarar og politikarar som er engasjerte i innvandrings -, miljø- og avgiftspolitikk.

Til ettertanke

  • Kjenner du til politikarar som har blitt sjikanerte eller trua i sosiale medium?
  • Kva ville du ha gjort dersom det var deg som blei utsett for dette?

Bør styresmaktene ta kontroll over sosiale medium?

Då Kongressen blei storma, valde Twitter etter eige skjønn å stengje ute dåverande president Trump på livstid for å ha hissa til angrep på demokratiet. Facebook stengde òg Trump ute, og Parler forsvann frå nettet i ein periode fordi Amazon hindra plattforma i å bruke serverane deira.

Dette er både tryggjande og skremmande. Tryggjande, fordi det viser at det er mogleg å ta kontroll når autoritære leiarar misbruker sosiale medium. Skremmande, fordi desse media i dag er eigde av nokre ganske få selskap og enkeltpersonar med moglegheit til å styre informasjonsstraumen til store delar av befolkninga i verda.

Både i USA og Europa er det krefter som tek til orde for at styresmaktene bør ta kontroll over nettet, slik at det ikkje blir brukt til bevisst feilinformasjon eller til angrep på enkeltpersonar og styresmakter.

Forslaga har møtt kraftige protestar. Mange hevdar at vi treng frie og uavhengige sosiale medium som vaktbikkjer på lik linje med dei etablerte media.

Viktige omgrep


Relatert innhald

Kjeldemateriale
Anonymitet i Google-tida

Er ein person anonymisert om det tek mindre enn 15 sekund å finne ut kven han er?

Kjelder

Amundsen, B. (2019). Derfor elsker diktatorer internett. Forskning.no.
Henta 26. januar 2021 frå https://forskning.no/internett-politikk/derfor-elsker-diktatorer-internett/1582826

Bergmo, T., Jåsund, B. & Fermariello, U. (2012). Kommunikasjonsekspert om Kony 2012: Veldig interessant kampanje. Nrk.no. Henta 22. januar 2021 frå https://www.nrk.no/kultur/kony-2012-sprer-seg-og-funker-1.8028735

Politiets tryggingsteneste (PST). (2020). Nasjonal trusselvurdering 2020. Henta 25. januar 2021 frå https://www.pst.no/alle-artikler/trusselvurderinger/nasjonal-trusselvurdering-2020/

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021