Hopp til innhald

Fagstoff

Religion i media

Frå 1970 til i dag har vi gått frå å ha NRK som einaste offisielle radio- og TV-kanal til ei medieverkelegheit med eit utal av valmoglegheiter. No blir mediepakkar sette saman til oss ut frå data som er samla inn og val vi gjer. Kva har skjedd med religionen sin plass i media i same periode?
Gammalt TV-apparat med antenne. Mange menneskeliknande figurar står framfor apparatet og studerer det . Illustrasjon.

I denne artikkelen skal vi sjå på korleis media formidlar religion, og korleis dei over tid formar oppfatninga vår av religion i offentlegheita. Samtidig vil måten religion blir framstilt på, også kunne seie noko om rolla til religionane i samfunnet. Vi kallar gjerne denne prosessen medialisering av religion.

Religion i media 1970 til 2020 – hovudtrekk

Rundt 1970 blei kristendommen teken inn i TV, radio og aviser som sjølvsagt i Noreg. Media var stort sett lojale mot kyrkja. Dei gav att det innhaldet kyrkja ønskte å få fram i form av radioandaktar og gudstenester. Etter kvart har vi sett at den makta kyrkja hadde, har blitt utfordra, og at dette gav utslag òg i media. Det blei etter kvart eit større mangfald i media. Utover 2000-talet var mediebiletet prega av konfliktar rundt islam. Også framstillinga av Den norske kyrkja har hatt eit fokus på ueinighet. Eit døme på dette har vore spørsmålet om homofile si rolle i kyrkja.

I 1970 hadde NRK kringkastingsmonopol og derfor stor definisjonsmakt. Dei bestemde i stor grad kva som kom ut i TV og radio. Etter kvart har fleire TV-kanalar komme til, også kristne TV-kanalar. I dag finst det mange fleire moglegheiter til å snakke om religion, men det kan vere tilsvarande vanskeleg å komme til. Dei som er gode på sosiale medium, kjem lettare gjennom. Dette er ein av fleire faktorar som har ført til at religiøse autoritetar mistar innverknad.

På 80-talet var det framleis kontroversielt å gjere narr av kyrkja og prestar. I klippet under kan du sjå ein sketsj av humor-gruppa KLM, som skapte mykje bråk. Ein av komikarane, Lars Mjøen, fortel om reaksjonane i eit intervju etter sketsjen.

Kva som får innpass i media om religion, har gått frå å vere innhald som i stor grad var prega av religiøse (kristne) autoritetar til eit meir religionskritisk innhald. Lojaliteten til kyrkja er på mange måtar broten, og media har etter kvart fått ein større kritisk distanse til religion.

Dei siste tiåra har vi sett ei auka individualisering av religion. I same periode har vi fått enorme mengder medieinnhald å velje frå, og vi tilpassar innhaldet til dei individuelle interessene og preferansane våre.

Tenk etter!

Kan det vere ein samanheng mellom individualiseringa av religion og media?

I tida etter 1970 har vi sett at media i aukande grad har tilpassa seg det mangfaldige, sekulariserte samfunnet vi lever i. Religion er altså stadig til stades i media, men på ulike måtar. Fordi vi er storforbrukarar av ulike medium, vil måten medium tek omsyn til religion på, farge synet vårt på religion og religiøsitet.

Mediedynamikken

Medialisering av religion følgjer mediedynamikken, altså korleis media fungerer i samfunnet. Korleis religion verkar i media, er òg avhengig av kva val media tek. Desse vala blir òg kalla formatering, altså kva former dei vel på sakene sine. Mediedynamikken har ulike former for formatering:

Forsterke

Media kan velje å blåse opp ei sak med store overskrifter og i mange medium, slik at nyheita når mange. Dette kan få somme saker til å verke større enn dei er.

Fortelje

Måten media vel å presentere ei sak på – det perspektivet dei vel å fortelje ei historie frå– vil styre måten vi oppfattar det som blir formidla. Viss ei sak blir presentert på ein einsidig måte, kan vi få eit feil inntrykk av innhaldet. Dette gjeld òg når det som står der, er rett.

Forankre

Media bestemmer kven historiene dei fortel, skal forankrast til. Dei som får fortelje historiene sine, kan definere kva perspektiv vi får servert. På den måten kan dei òg vere med på å forme meiningane våre. I tillegg kan dei vere med på å halde oppe maktstrukturar gjennom kven som kjem til i media.

Former for medialisert religion

Vi kan seie at det finst tre hovudtypar medium som formidlar religion:

Journalistikk om religion

I perioden vi snakkar om, har journalistisk dekning av religion gått frå å vise ein tydeleg respekt til å fremje konfliktstoff om religionar. Etter 2020 har vi til dømes sett at saker som omhandlar islam, har fått forrang i media, og då gjerne med eit konfliktfokus. Vi har òg sett at debatten om samkjønna ekteskap i Den norske kyrkja har fått mykje merksemd. Vi ser elles at saker som omhandlar nestekjærleik, openheit og samarbeid får lite merksemd i media.

Svart- og kvitkledde menn med tildekte ansikt marsjerer i rekkjer og poserer med maskingevær i ein ørken. Foto.

Religiøse medium

Dette er medium som blir drivne av religiøse organisasjonar, og som er retta mot utøvarar av religion. Religionar driv eigne TV-kanalar og har sosiale medieplattformer, men det har ikkje vore det store gjennombrotet hos folk flest. Likevel kan desse – for dei som bruker dei – vere viktige premissleverandørar. Eit døme er Visjon Norge sine sendingar. Internasjonale aktørar som Hillsong er òg aktuelle.

Populær religion

Også gjennom populærkulturen kjem religion til uttrykk. Gjennom filmar, dataspel, musikk, litteratur og så vidare ser vi at religion blir brukt som verkemiddel. Men vi ser òg korleis TV-seriar som Åndenes makt (20 sesongar – siste i 2021) har gitt oss innsikt i ei religionsutøving som tidlegare har vore meir skjult. Religion som er brukt på denne måten, blir gjerne kalla populær religion.

Ein mann i ei døropning. I framgrunnen er eit måleri av ein mann i 1700-talsdrakt. Foto.

Tenk etter!

Gjennom kva medium og på kva måte har du møtt religion den siste veka?

Har framstillingane der vore positive eller negative?

Kjelde:

Lundby, K. (2021) Religion i medias grep. Medialisering i Norge. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Karen Marie Halden.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2022

Læringsressursar

Religion i media