Utforsk religion i media
Førebuing
Ha ein diskusjon i klassen om korleis de oppfattar media si framstilling av religionar og livssyn .
Vel nokre medium de vil følgje, til dømes Dagsrevyen i NRK, ei riksavis, ei lokalavis og kanskje ei avis som er kjend for å ha litt ekstra stoff om religion, som Vårt Land eller Dagen.
Gjennomføring
To elevar i klassen har ansvaret for å undersøkje desse media i kvar si veke. Etter kvar veke blir det laga ein rapport med utgangspunkt i spørsmål de vil undersøkje. Forslag til spørsmål finn de lenger nede på sida. Rapporten blir lagd i eit felles dokument eller send til lærar som kan setje dei saman.
Etter at alle har hatt ansvaret ei veke, samanfattar klassen funna så langt og vurderer om nokon av spørsmåla skal endrast. Val av medium blir òg teke opp til ny vurdering.
Alle får deretter ei veke til med utforsking og rapportskriving. Lag gjerne nye par.
Oppsummering og gjennomgang
Etterpå kan de samanfatte i fellesskap korleis de oppfattar religion i media i den perioden de har undersøkt. Aktuelle spørsmål kan vere:
Stemde inntrykket de hadde før de starta?
Har noko overraska dykk?
Har nokon enkelthendingar vore i fokus over tid? Kva har eventuelt dette gjort med dykkar eige syn på involverte religionar og livssyn?
Formaterer ulike medium på ulike måtar?
Diskuter om de meiner dei media de har undersøkt burde gjort noko på ein annan måte.
Vel sjølv kva medium de vil følgje. Det bør ikkje vere meir enn tre personar per medium, slik at de får ei breidde i utforskinga. Bestem ein periode de skal sjekke desse media kvar dag. Lag felles punkt de kan undersøkje. Bruk gjerne punkta under.
Etter perioden samanfattar alle elevane funna sine og legg dei fram i klassen. Etterpå kan det vere lurt å ha ei felles oppsummering.
Relatert innhald
Denne artikkelen handlar om korleis religion blir presentert og representert i media.