Religion i sosiale medium
Det har blitt ganske vanleg at arbeidsgivarar googlar namnet til dei som søker på stillingar hos dei. Korleis trur du digitale spor knytte til religion slår ut i ein slik samanheng?
Kva er avgjerande for om noko blir oppfatta som positivt eller negativt?
Har det noko å seie kva slags jobb ein søker på, trur du?
Burde forholdet ditt til religion ha noko å seie når du søker jobb?
Les kronikken "Mange unge muslimer og kristne er redde for å ytre seg om religion i sosiale medier".
Det er både positive og negative sider ved det å bruke sosiale medium til å fremme den religiøse ståstaden sin. Kva positive og negative sider blir trekte fram i artikkelen?
Ifølge artikkelen er det meir vanleg for muslimske unge kvinner som bruker hijab, å legge ut religiøst innhald enn det er for muslimske unge menn. Kvifor trur du at det er sånn?
Trur du det er lettare for ikkje-religiøs ungdom å legge ut noko om ståstaden sin enn det er for religiøs ungdom å legge ut noko om trua si på sosiale medium? Grunngi svaret.
Ifølge ein av informantane er det eit demokratisk problem at mange vegrar seg mot å ytre seg om religion. Er du einig i dette? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Nettside hos journals.sagepub.com