Hopp til innhald

Fagstoff

Dei greske filosofane sine tankar om det gode livet

Kva tankar gjorde dei gamle greske filosofane seg om det gode livet? Er dette tankar som vi finn att i vår eiga samtid?
Platon og Aristoteles i utsnitt av fresken Skolen i Athen av Rafael. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Platon – innsikt i idéverda

Ifølgje den greske filosofen Platon (ca. 428–348 fvt.) handlar det gode livet om at alle menneske må utvikle gode dydar som klokskap, rettferd og mot. Dette er eigenskapar som kjenneteiknar ein person som lever eit godt liv i etisk forstand. Alle bør søkje sann kunnskap om kva klokskap, rettferd og mot eigentleg er. Først når ein har oppnådd innsikt i kva desse dydane eigentleg inneber, kan ein leve eit godt liv og nå sann lykke. Platon meinte nemleg at dersom ein hadde innsikt i kva som kjenneteiknar eit godt liv, ville ein leve slik òg.

For å forstå Platon sin etikk må vi sjå det i samanheng med synet hans på verkelegheita. Platon si idélære er ei lære om at den konkrete jordiske verkelegheita vår er eit slags skyggebilete av ei evig og fullkommen idéverd. Platon tenkte òg at sjelene våre har opphav i denne idéverda, og gjennom å søkje sann kunnskap vil vi kunne hugse ideane frå denne verda att. For å leve eit godt liv er det altså viktig at vi prøver å forstå ideen om det gode livet og strekkjer oss etter å leve etter han.

Tankane til Platon kan kanskje verke framande i dag, men i det kristne verdsbiletet kan vi sjå inspirasjon frå ein slik tankegang gjennom ideen om Paradis, som ei evig, uforanderleg, fullkommen og god verd. I middelalderen integrerte ulike kyrkjefedrar tankane til Platon og etterfølgjarane hans i det som etter kvart utvikla seg til å bli den katolske kristendommen.

Aristoteles – den gylne middelvegen og mennesket som samfunnsborgar

Aristoteles sin filosofi og tankane hans om det gode livet er knytte til den konkrete verkelegheita vår, og ikkje til noka idélære. For Aristoteles handlar det gode livet om å strekkje seg etter å realisere sine eigne moglegheiter på best mogleg måte. Dette er føremålet med alt liv. Eit frø kan realisere moglegheitene sine og bli til ein blome. For mennesket handlar det om å realisere moglegheitene sine som rasjonelle og tenkande vesen. Mennesket realiserer seg sjølv gjennom å tenkje og handle fornuftig.

For Aristoteles var det òg sentralt å leve som gode samfunnsborgarar for å kunne leve eit godt liv. Mennesket må realisere evnene sine i eit sosialt fellesskap med andre. Han definerer mennesket som eit sosialt dyr med rasjonell tenkjeevne.

Aristoteles er òg oppteken av dydar. Moralske dydar er haldningar vi menneske må utvikle for å få eit godt liv og bli lykkelege. Han var òg talsmann for den gylne middelvegen. For å leve eit godt liv må mennesket bruke evnene sine til å finne ein balanse mellom to ytterpunkt og på denne måten utvikle gode dydar. Dyden mot bør for eksempel balanserast mellom feigheit og dumdristigheit, måtehald må balanserast mellom fråtsing og askese.

Over desse dydane ligg rettferd og visdom, som er grunnleggjande dydar i Aristoteles sin filosofi. Aristoteles brukar altså òg omgrepet dyd, men han var ueinig med Platon i at desse dydane var evige og universelle. Aristoteles knyter dei til kulturen mennesket lever i. Han var oppteken av at vi gjennom sosialisering, i eit sosialt fellesskap, kan utvikle oss til å bli betre menneske, om vi blir styrte mot å utvikle dei rette dydane.

Hedonisme – mest mogleg nyting

Eit tredje perspektiv på det gode livet, også dette utvikla i antikkens Hellas, er hedonismen. For hedonistar som Aristippos og kyreneikarane handlar det gode livet primært om å leve eit liv der ein oppsøkjer og strekkjer seg etter mest mogleg lyst og nyting. Lykka og det gode livet er for hedonistane knytt til sanseleg eller materiell velvære, og til å unngå smerte og liding.

Arva etter hedonismen finn vi vel lett att i ulike førestillingar om det gode livet i dag, der tanken om ulike former for fysisk velvære og nyting og det å unngå smerte og ubehag er noko mange ser på som vegen til «det gode livet».

Relatert innhald

I dydsetikken er målet at menneska utviklar dei rette kjenslene, dei rette haldningane og ei god moralsk dømmekraft.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Det gode livet