Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei ordsky om det gode livet

Kva er eit godt liv? Lag ei ordsky som viser kva klassen din assosierer med det gode livet.
Ein lykkeleg mann gjer eit kjempehopp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gruppeoppgåve

Alle i klassen skriv ned fem ord som dei meiner beskriv det gode livet. Deretter legg alle svaret inn i ei ordsky.

Skriv stikkord. Dersom du for eksempel meiner at det gode livet er å vere saman med familien, skriv du stikkordet «familie». Om nokon andre har notert det same stikkordet, skriv de dette inn fleire gonger. Det er nemleg talet på like svar som avgjer kor stort ordet blir i ordskya.

De kan bruke nettverktøyet Wordclouds til å lage ordskyer.

Diskuter i klassen:

  • Kva for nokre ord er størst? Kvifor?

  • Burde nokon av dei store orda vore mindre? Kvifor?

  • Er det nokon av dei mindre orda som burde vore større? Kvifor?

  • Er det nokon viktige ord som ikkje er med?

  • Korleis trur de ordskya ville sett ut om besteforeldra dykkar hadde svart?

  • Korleis trur de ordskya ville sett ut om nokon frå eit heilt anna land og ein heilt annan kultur hadde svart? Gi døme.

CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken, Eivind Zakariassen og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Det gode livet