Hopp til innhald
Oppgåve

Kulturavstand og kommunikasjon

Oppgåve 1

Beskriv situasjonar der de meiner det er stor kulturavstand mellom aktørane når samtalepartane kjem frå:

  • ulike nasjonar? (kinesar – nordmann)
  • ulike regionar? (nordlending – sørlending)
  • ulike religionar? (muslim – kristen)
  • ulike etniske grupper? (pakistanar – polakk)
  • ulike yrke? (bakar – datateknikkar)
  • ulike generasjonar? (bestemor – barnebarn)
  • ulike organisasjonar? (elevråd – Raudekrossen)
  • ulike grupper? (MC-klubb – Naturvernforbundet)
  • ulike kjønn? (gut – jente)

(Døme i parentes)

Oppgåve 2

Vurder kulturavstanden:

  • Kor trur de det er størst avstand mellom samtalepartane i døma over? Grunngi svaret.
  • Kan alle desse situasjonane karakteriserast som interkulturell kommunikasjon? Grunngi svaret.