Kultur og kommunikasjon - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kultur og kommunikasjon

Kommunikasjon og kultur heng tett saman og kan til og med blir sagt å vere to sider av same sak. Korleis påverkar kulturelle faktorar korleis vi kommuniserer med kvarandre?

Kultur

Eit bilete på forholdet mellom kulturen og mennesket er havet og fiskane: Havet er heilt avgjerande for korleis fiskane lever, men dei er ikkje merksame på at det omgir dei. I tillegg er fiskane ein del av havet og kan påverke det. Slik fiskane først merkar havet når det blir borte, og dei ligg og gispar på land, blir vi òg klare over dei kulturelle rammene når vi blir tekne ut av det vande og kjende.

Kulturelle kodar er fletta inn i alt vi gjer, og dei oppstår og blir heile tida attskapte i det sosiale samspelet med andre rundt oss. Samtidig er kultur det som gjer at vi kan ha samhandling, gjennom å gi oss felles kodar og reglar som vi bruker når vi skaper meining.

Tenk over / diskuter

Har du nokon gong opplevd å vere utanfor dei kjende kulturelle fellesskapane dine, som ein fisk på land? Korleis kjendest det?

Kultur gjer kommunikasjon mogleg

Ein definisjon av kultur er at det er det som gjer kommunikasjon mogleg. (Eriksen, 1993). Når vi forstår kvarandre, er det fordi vi har eit felles "lager" av meining som vi deler med andre i kulturelle fellesskapar. Vi bruker det vi har i lageret når vi avkodar og innkodar meining i meldingane vi kommuniserer med. Vi vel verbale og ikkje-verbale teikn etter reglane som gjeld i dei kulturelle fellesskapane vi deltek i. Dette utgjer dei rammene for kommunikasjon, eller kulturkonteksten.

Kulturforskjellar kan skape misforståingar i kommunikasjonen når vi har ulike kulturelle referansar eller kodar for å tolke og skape meining. Ved å bruke omgrep frå kommunikasjonsmodellane, kan vi seie at kulturelle faktorar kan føre til støy i kommunikasjonen. Å kunne kommunisere formålstenleg med menneske med andre kulturelle kodar enn deg sjølv, er å ha interkulturell kompetanse. Men korleis kan vi få auge på kva for nokre kulturelle faktorar som påverkar kommunikasjon når det kulturelle ofte er usynleg for oss som "sym" i han?

Eit kompleks samspel mellom faktorar

Dei sosiale faktorane som påverkar kommunikasjon, som identitet, rollar, klasse, normer og verdiar, varierer òg på tvers av kulturelle kontekstar. Samspelet mellom desse faktorane kan vere veldig komplekst.

I nokre tilfelle vil sosial status eller klasse vere det som pregar kommunikasjonen mest, mens i andre tilfelle vil kjønn vere det som er mest framståande. Ein norsk og ein russisk mann kan ha mange kulturelle kodar til felles som gjer at dei forstår kvarandre, men det kan òg vere store forskjellar i korleis dei forstår farsrolla, til dømes. Samtidig kan ei indremisjons-kvinne frå Sørlandet ha fleire verdiar til felles med ein somalisk familiefar i ein samtale om pappa-perm, enn med ei tenåringsjente frå Ålesund.

Det er òg mange kulturelle fellesskapar med eigne kodar på digitale plattformer, der kjønn og alder ikkje speler noka rolle, fordi de ikkje møter kvarandre fysisk. Dermed kan ei trebarnsmor frå Tana og ein ung dataingeniør frå Manchester vere heilt på nett med kvarandre når dei møtest for å spele World of Warcraft online.

Det er altså ikkje nokon enkel fasit på kva faktorar som speler inn når vi menneske kommuniserer, men du må ha som utgangspunkt at sosiale og kulturelle faktorar kan både bidra til forskjellar og likskapar i korleis du og andre forstår og uttrykkjer meining. Det er òg viktig å tenkje på at det er vanskeleg å sjå vatna vi sym i sjølve, mens det er lettare å peike på kulturelle faktorar som skil seg frå våre eigne.

Tenk over / diskuter

Er kultur berre noko "dei andre" har, eller får du auge på dei kulturelle faktorane som formar deg?

Korleis kan du avgjere kva for nokre sosiale og kulturelle faktorar som er relevante for å forstå ein samtale mellom to menneske?

Bruk det du kan og har lært, og forklar samanhengen mellom kultur og kommunikasjon med dine eigne ord.

Kjelder

Eriksen, T. H. (1993). Små steder – store spørsmål. Universitetsforlaget.

Bøhn, H og Dypedahl, M. (2017). Veien til interkulturell kompetanse. Fagbokforlaget.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020