Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reiseråd

Når du jobbar i servicenæringa, vil du treffe menneske frå heile verda. Kultur- og kommunikasjonskunnskap blir stadig viktigare for deg som servicemedarbeidar.
Jordkloden med fotografi av ansikt rundt på dei forskjellige kontinenta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuing

Oppgåve 1 – jobb i par

  • Vel eit land du finn informasjon om på nettsidene over.
  • Som servicemedarbeidar har du blitt beden om å orientere leiaren din om det landet du vel. Leiaren din vil gjerne vite korleis dei skal førebu seg på utfordringar dei kan komme til å møte når det gjeld reglar for etikette og omgangsformer.
  • Skriv ein informativ tekst om landet du har valt.
  • Kva råd blir gitt når det gjeld etikette og omgangsformer, slik som kroppsspråk, klesdrakt, bruk av fargar og gåveoverrekkingar?
  • Lag ein brosjyre med informasjon og bilete, til dømes i Microsoft Sway.
  • Presenter brosjyrane i klassen.

Oppgåve 2 - jobb individuelt

  • Som utplasseringselev i ei servicebedrift har du blitt beden om å skrive eit velkomstbrev til elevar frå ein skule i landet du har valt. Desse skal ha arbeidspraksis i bedrifta di i 10 veker.
  • Skriv eit velkomstbrev med reglar og etikette frå arbeidsplassen din.
  • Ta med bilete og informasjon om heimstaden din, lokale skikkar og tradisjonar som er verde å kjenne til.
  • Ta med litt fun-facts frå heimstaden din, og kvifor det er bra å bu der.
  • Presenter i klassen.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2022

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing