Oppgåve
Reise: Kulturkunnskap
I denne oppgåva skal du planleggje ei fiktiv reise gjennom ulike land eller samfunn. Du vel sjølv kor mange land eller samfunn du vil besøkje, og om reiseruta skal gå i ein spesiell verdsdel, eller på tvers av verdsdelane.
Målet med denne oppgåva er å finne kulturelle særtrekk ved dei stadene reisa går til, i tillegg til å drøfte kvifor kulturell kunnskap er viktig.
Desse kjenneteikna skal du vidareformidle til klassen din gjennom ein munnleg presentasjon. Dette vil krevje litt forarbeid, og du må leite etter den informasjonen du har behov for. Hugs å vere kritisk til kjeldene du bruker! Eit anna tips er å velje eit land eller eit samfunn der det er enkelt å finne informasjon.
Gjer følgjande:
- Reflekter: Kvifor er det viktig å kjenne til kulturen i ulike land og samfunn?
- Vel nokre land eller samfunn du ønskjer å besøkje eller undersøkje. Reiseruta kan gå gjennom eitt land, eller du kan sjå på fleire ulike land og verdsdelar. Eksempel: Spania, samiske samfunn, England og grønlandske samfunn.
- Leit etter kulturelle særtrekk i dei landa eller samfunna du besøkjer.
- Lag ein munnleg presentasjon der du fortel resten av klassen om funna dine. I presentasjonen skal du:
- Drøfte kvifor kulturkunnskap er viktig.
- Fortelje om funna du har gjort.
- Forklare kvifor det er viktig å kjenne til dei kulturelle særtrekka du har funne, og dei eventuelle konsekvensane av å ikkje kjenne til dei.