Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å helse på kinesisk

Forklaringar til grammatikk og vokabular (Hei!)

Nedanfor finn du forklaringar til grammatikken og vokabularet for dialogen Hei!.

1. nín

Nín tyder «De» (eintal) og er ei høfleg form av ordet nǐ. Vi har skiljet De/du også på norsk, sjølv om det gjerne er litt avleggs å bruka «De» nå om dagen. Forskjellen er at nín framleis brukast veldig ofte på kinesisk den dag i dag, særleg når ein tiltalar personar eldre enn seg sjølv, eller personar som har høg sosial status eller rolle som krever respekt i ei gitt kontekst.

2. guì

Guì tyder «dyr; dyrebar». Det blir brukt saman med xìng i høflegheitsfrasen 您贵姓? Nín guì xìng?. Ein spør altså etter personens «dyrebare/ærverdige» etternamn ved eit første møte. Det speglar att kinesarane si tradisjonelle høflegheit i samband med introduksjonar. Ein kan grammatisk også seie 你姓什么? Nǐ xìng shénme? – «Kva heiter du til etternamn?», men dette er eit reint faktasøkjande spørsmål meir enn ein høflegheitsfrase. I samband med introduksjonar bruker ein som regel den høflege varianten.

3. men

-men er eit bunde morfem, det vil seie at det ikkje kan forekomme åleine i ei setning, men vanlegvis berre etter pronomen (han, ho, den/det). Kombinasjonen av eit pronomen med -men, gjer pronomenet om til fleirtalsform, altså wǒ – «eg», nǐ – «du» → 我们 wǒmen – «vi», 你们 nǐmen – «de», og så vidare. Vanlege nomen brukast ikkje med -men, sidan nomen i utgangspunktet tolkast både som eintal og fleirtal avhengig av konteksten på kinesisk, utan at dette reflekterast i ordets ytre form.

4. 什么 shénme

什么 shénme tyder «kva» og er eit spørjeord / spørjande pronomen. Det blir plassert på den staden i setninga der ein ventar at eit svar vil komme. Som svar til 你姓什么? Nǐ xìng shénme? kjem altså svaret i same posisjon som 什么 shenme står; det spørjande pronomenet erstattar syntaktisk og tek same posisjon som svaret:

– Nǐ xìng shénme?
– Du heiter kva?

– Wǒ xìng .
– Eg heiter Li.

Når ein vil spørje om kva ein ein viss ting er, i dette tilfellet eit namn, kjem 什么 shénme før nomenet ein vil ha beskrive, altså «Du heiter kva namn?» ≈ «Kva heiter du?»: 你叫什么名字? Nǐ jiào shénme míngzi?.

5. ne

ne er ein såkalla spørsmålspartikkel. Han blir brukt til å stille oppfølgingsspørsmål, dvs. at i staden for å gjenta det same spørsmålet som førekjem i setninga før, brukar ein berre ne etter pronomenet (eg; du; han/ho). Konteksten er allereie tydeleg (i dette tilfellet utveksling av namn) der ein brukar ne.

Derfor kan ein i staden for å seie …

– 我姓李,你姓什么?
– Wǒ xìng Lǐ, nǐ xìng shénme?

... heller seie ...

– 我姓李,你呢?
– Wǒ xìng Lǐ, nǐ ne?


... fordi 我姓李 Wǒ xìng Lǐ allereie har definert at konteksten dreier seg om etternamn.

Om ein bruker ne omsetjast det ofte til norsk med «Kva med …?» eller «Og … då?».

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2018