Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Å helse på kinesisk

Å helse i Kina

CC BY-SA 4.0

Set deg inn i korleis ein helsar i Kina.
Kva er forskjellig frå Noreg?

Fagartikkel

Nǐ hǎo: Tiltaleformer, måtar å helse på og namn i dagens Kina

Måtane å helse på og tiltaleformene er forholdsvis enkle på kinesisk. Her får du ei kort innføring.

Det dominerande uttrykket er Nǐ hǎo 你好 eller Nǐ hǎo ma? 你好吗?, dvs. «Har du det bra / Korleis står det til?». Nǐ hǎo 你好, som er ei kortform av Nǐ hǎo, ma? 你好吗?, er så innarbeidd at det i praksis tyder «hei» eller «god dag». Ein annan uformell måte å helse folk ein kjenner på, er ganske enkelt å seie heile namnet til den ein møter, som ei form for helsing, for eksempel Wáng Guìshēng 王桂生, og så ta det derfrå.

Meir formelt

Kinesisk er ikkje dominert av tiltaleformer som uttrykkjer strenge sosiale hierarki. Den vanlegaste forma i den retninga er høflegheitsversjonen av Nǐ hǎo, nemleg Nín hǎo 您好 eller Nín hǎo, ma? 您好吗?, dvs. «Har De det bra?». Denne høflege forma, som truleg kjem av vestleg påverknad, ser ut til å bli teken meir og meir i bruk i dagens Kina.

Om ein vil innleie ein samtale med ein ukjend, bruker ein ofte meir faste høflege frasar, som Rènshi nǐ/nín hěn gāoxìng 认识你/您很高兴, dvs. «Eg er glad for å kunne bli kjend med deg/Dykk», som er ein god start for å komme vidare.

Kva heiter du?

Når ein vil spørje om kva den personen ein helser på, heiter, finst det uformelle former og ei meir høfleg form. Dei uformelle formene er Nǐ jiào shénme? 你叫什么? eller Nǐ jiào shénme míngzi? 你叫什么名字?, dvs. «Kva heiter du? / Kva heiter du til namn?». Ein kan til nød også seie Nín jiào shénme míngzi? 您叫什么名字?, dvs. «Kva heiter De til namn?», men i slike tilfelle vil ein heller bruke den klart meir høflege forma Nín guìxìng? 您贵姓?, dvs. «(Kva er) Dykkar æra (etter)namn?».

Fornamn og etternamn

Det er viktig å forstå korleis fornamn (míng) og etternamn (xìng) på kinesisk er sette saman, for å kunne komme vidare. Etternamnet kjem først, og fornamnet kjem til slutt: Lǐ Shùbō 李澍波. Fornamn består oftast av to stavingar, men kan òg bestå av berre éi enkelt staving: Yú Huá 余华. Fornamn med berre éi staving ser ut til å vere på frammarsj i dag. (Det finst òg nokre få tostavingsetternamn, som Sīmǎ 司马 og Ōuyáng 欧阳, der det fullstendige namnet for eksempel kan vere høvesvis Sīmǎ Xiàngrú 司马相如, Sīmǎ Qiān 司马迁 og Ōuyáng Jiānghé 欧阳江河.)

Når ein i Kina bruker berre fornamn, er det i tilfelle i mykje meir uformelle, familiære eller slutta omgivnader enn hos oss. Det er ikkje nok å «vere dus». Og tilsvarande: Bruk av heile namnet, inkludert etternamnet, skjer mykje oftare i uformelle, familiære eller slutta omgivnader enn hos oss. Her må ein rett og slett berre skaffe seg erfaring om konvensjonane.

Omstokking og forvirring

Tradisjonen med at etternamn kjem først og fornamn til slutt, har skapt stor forvirring hos utlendingar. Vi ser ofte i vestleg media at ein bruker fornamnet og trur det er etternamnet, som herr (Dèng) Xiǎopíng 小平. Dette har mange kinesarar sett seg leie på, spesielt dei som er aktive i internasjonale samanhengar. Når folk i Vesten no endeleg har begynt å forstå at etternamnet kjem først på kinesisk, har mange kinesarar derimot gått over til å snu om og skrive fornamnet sitt først, som Suìshēng Zhào 穗生赵 i staden for Zhào Suìshēng 赵穗生. Forvirringa i offentlegheita i dag er med andre ord nærmast total. Mange, særleg unge og folk som jobbar i forretningsverda, har òg lagt seg til eit vestleg namn, og då kjem fornamnet alltid først, som Grace Zhao. Her kan ein finne mange oppfinnsame og mildt sagt pussige namn.

Kinesiske namn for utlendingar

Når utlendingar blir gitt kinesiske namn, skjer det på hovudsakeleg to måtar. Ein tek utgangspunkt i uttalen og finn (som oftast) tre skriftteikn som sånn nokolunde dekkjer uttalen, anten av heile eller delar av namnet, for eksempel Bókèmàn 勃克曼 (Bøckman). Slike skriftteikn blir lesne av kinesarar som skriftteikn som blir brukte til å transliterere (dvs. gjengi) uttalen, og ikkje som det dei vanlegvis tyder. Den andre metoden er å gi personen eit etternamn og fornamn i samsvar med kinesisk tradisjon, og her gjeld det å finne skriftteikn som gir god klang på kinesisk, som Sū Líyǎ 苏丽雅 (Sollien) og Mǎ Yuèrán 马悦然 (Göran Malmqvist), samtidig som det helst bør spegle av uttalen av heile eller delar av namnet.

Eg heiter …

Då er vi klare til å tipse dykk om korleis de kan svare på kva de heiter, uansett om spørsmålet de fekk var uformelt eller meir formelt. Ein svarer Wǒ jiào 我叫XYZ – «Eg heiter ...» – alt etter kva slags namn de har fått på kinesisk. Meir formelt kan ein svare Wǒ xìng X, míngzi jiào Yz 我姓 X名字叫Yz – «Eg har etternamnet X, fornamnet heiter / blir kalla Yz».

Har du ete?

Ein tradisjonell måte å helse på i Kina var () Chīfànle, ma 吃饭了吗?, dvs. «Har du ete?». Det spegla den harde realiteten for mesteparten av folket. Livet og døden var ikkje så fjernt frå kvarandre som i dag.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2019