Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til grammatikk leksjon 1

Under følgjer forklaringar til grammatikk for dialogen "Hei!".
Kinesiske skriftteikn. Betyding: grammatikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. -men

-men er eit bunde morfem, som betyr at det ikkje kan stå åleine i ei setning, og vanlegvis står det etter personlege pronomen (eg, du osb.). Kombinasjonen av eit pronomen med -men gjer det til fleirtall, til dømes wǒ – «eg», nǐ – «du» → 我们 wǒmen – «vi», 你们 nǐmen – «de» og så bortetter.

Vanlege nomen blir ikkje brukt med -men, for på kinesisk blir nomen tolka som eintal eller fleirtal avhengig av konteksten, utan at dette nødvendigvis blir reflektert i ordet si ytre form eller blir gjort eksplisitt på ein annan måte.

2. 什么 shénme

什么 shénme betyr «kva» og er eit spørjeord/spørjepronomen. Det blir plassert på den staden i setninga kor eit eventuelt svar ville ha stått. Som svar til til dømes 你姓什么? Nǐ xìng shénme?, kjem altså svaret i same posisjon som 什么 shénme står i:

– Nǐ xìng shénme?
– Du heiter kva?

– Wǒ xìng .
– Eg heiter Li.

Når ein vil spørje om kva ein viss ting er, i dette tilfellet eit namn, kjem 什么 shénme framfor nomenet ein vil ha beskrive/identifisert, altså:

«Du heiter kva namn?» ≈ «Kva heiter du?»:
你叫什么名字 Nǐ jiào shénme míngzi?

eller:

«Du et kva mat?» ≈ «kva slags mat et du?»
你吃什么饭 Nǐ chī shénme fàn?

3. ne

ne er ein såkalla spørsmålspartikkel. Han blir vanlegvis brukt når ein vil rette same spørsmål mot ny person. Det vil seie at i staden for å gjenta heile det same spørsmålet som kjem i setninga før, bruker ein heller berre ne etter nytt pronomen så lenge spørsmålet er uendra. Konteksten er normalt allereie tydeleg (i dette tilfellet utveksling av namn) der kor ein bruker ne.

I staden for å seie …

– 我姓李,你贵姓?
– Wǒ xìng Lǐ, nǐ guì xìng?

... kan ein heller seie ...

– 我姓李,你呢
– Wǒ xìng Lǐ, nǐ ne?

... fordi 我姓李 Wǒ xìng Lǐ allereie har definert at konteksten dreier seg om etternamn.

Bruker ein ne, blir dette ofte omsett til norsk med «Kva med …?» eller «Og … då?».

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 28.11.2018

Læringsressursar

Kommunisere på kinesisk