Kjønn og kjønnsidentitet
Lytt til ein podkastepisode der to personar fortel om kjønnsidentiteten sin, og jobb med oppgåver knytte til podkasten.
Forarbeid
I dag har det blitt vanlegare å snakke om fleire ulike kjønnskategoriar og fleire måtar å definere kjønnsidentiteten sin på. For somme er dette heilt normalt, mens andre vil synast at dette er ganske vanskeleg.
Diskuter i små grupper:
- Kor stor del av identiteten din handlar om kjønn?
- Kategoriserer du/de folk etter kjønn?
- Kva legg de i omgrepet «kjønnsidentitet»?
- Kva fordommar finst mot menneske som bryt kjønnsformene i miljøa dykkar?
Lytt til podkast
Etterarbeid
Sit gjerne saman i dei same gruppene de gjorde i forarbeidet.
- Anna har alltid tenkt på seg sjølv som jente, sjølv om foreldra gav henne namnet Adrian. Kva for reaksjonar møter Anna når ho fortel kven ho er?
- Kvifor er det viktig for Anna å ha støtte frå vener og familie rundt seg? Er det vanleg for ungdommar som definerer seg med ulike kjønnsidentitetar å møte støtte hos dei rundt seg?
- Anna fortel noko om korleis ho ønskjer å bli møtt. Korleis ville du reagert viss nokon vener fortalde at dei hadde ein annan kjønnsidentitet enn du trudde? Er det forskjell på kjensler og fornuft i ein sånn situasjon?
- Ask definerer seg sjølv som ikkje-binær. Kva meiner hen med det?
- Kvifor meiner Ask at kjønn ikkje skal stå i passet?
- Kva fordommar møter transpersonar og ikkje-binære i samfunnet?
- Ask og Anna og har nokre svar på korleis vi kan unngå fordommar. Kva meiner de? Kva kan vi gjere for å unngå fordommar når det gjeld kjønn og kjønnsidentitet? Kva kan samfunnet gjere for at det skal bli færre fordommar?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022