Hopp til innhald
Oppgåve

Tekstar og kulturelle normer

Kulturelle normer seier noko om kva som er godteke og verdsett i ein bestemd kulturell fellesskap. Utforsk kulturelle normer i reklamar og musikkvideoar.

1. Visualiser kva klassen tenker om kjønn

  • Skriv orda "mann" og "kvinne" på eit ark eller i eit dokument, og bruk tre minutt på å skrive ned stikkord som du assosierer med desse to orda.

  • Samle alle stikkorda i klassen, og lag ei ordsky for kvart av dei to orda ved å lime inn stikkorda i verktøyet på Ordsky.no.

  • Orda som blir brukte mest, er størst i ordskya. Diskuter kva ordskyene de har laga, seier om normene knytte til kjønn.

  • Diskuter: Er det store forskjellar i normene knytte til kjønn i ulike kulturelle fellesskapar de kjenner til, eller er kjønnsrollene ganske like på tvers av kulturar?

2. "Unormale" kjønnsroller i reklame

Sjå episoden av NRK-serien Unormal om reklame og kjønnsroller, og bruk han som utgangspunkt for å reflektere rundt korleis kjønnsroller og andre kulturelle skaper føresetnader for tekstskaping.

NRK: Unormal: Vi bytter kjønn og etterligner reklamer

  • Kva for nokre ulike normer og ideal knytte til kjønnsroller peikar programleiarane på i dette programmet? Lag ei oversikt over skildringar av høvesvis kvinner/jenter og menn/gutar i programmet.

  • Liknar desse kjønnsrollene på dei de sjølve beskriv i ordskyene? Reflekterer reklamane i Unormal dei kulturelle normene for kjønn som de uttrykker i ordskya?

3. Kulturelle normer i videoar med indisk og norsk brudemote

Sjå desse to videoane om brudemote:

Samanlikn dei to videoane, og diskuter eller noter:

  • Kva slags idéar om kva ei brud skal vere, meiner de kjem til uttrykk i desse videoane?

  • Korleis blir desse idéane formidla ved hjelp av musikk, lys, val av modellar og av klede, sminke, frisyrar og smykke?

4. Kulturelle normer i musikkvideoar

Det er ikkje berre normer knytte til kjønnsroller som påverkar tekstskaping i samfunnet vårt. Vi har kulturelle normer som seier kva som er godteke og verdifullt, for dei fleste sidene i samfunnet vårt, og desse legg òg føringar for korleis vi uttrykker oss og kommuniserer gjennom tekstar.

I par eller åleine: Vel ein musikkvideo til ein song du liker, og undersøk kva for nokre kulturelle normer som legg føringar for korleis teksten er utforma. Presenter det du har funne ut, for klassen.

Her er nokre tips til kva du kan sjå etter:

  • Kva slags kulturell kontekst høyrer musikkvideoen heime i? (Hiphop-kultur, rånekultur, russekultur osv.)

  • Det at vi nesten aldri ser menneske over 70 år eller menneske med funksjonsnedsetjing i media, kan til dømes reflektere ein kultur der fysisk styrke og ungdom blir verdsett høgt. Kven som er representerte i ein musikkvideo, og korleis dei blir framstilte, kan seie noko om dei kulturelle normene som ligg bak.

  • Dyre bilar og designarklede i ein musikkvideo er eit uttrykk for at materielle verdiar står sterkt i ein kultur. Sjå etter identitetsmarkørar som seier noko om kven artisten eller andre aktørar i videoen vil framstille seg som.

5. Reflekter og diskuter

  1. Bruk fem minutt til å skrive eit refleksjonsnotat med kva tankar du gjer deg om forholdet mellom kulturelle normer og tekstar som musikkvideoar og reklamar.

  2. Del notata dykkar i små grupper, og diskuter kva de har lært ved å utforske temaet.