Hopp til innhald
Oppgåve

Kjønnsmangfald, respekt og anerkjenning

Korleis kan vi skape eit samfunn der vi anerkjenner og har respekt for ulike kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar? I denne oppgåva skal du reflektere over korleis vi kan bidra til toleranse og respekt i samfunn med kjønnsmangfald.

Kjønnsmangfald vil seie at det finst mange ulike kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk. Sjølv om vi har kjønnsmangfald i Noreg, risikerer menneske som bryt med dei tradisjonelle kjønnsnormene å møte intoleranse og fordømmelse.

I denne oppgåva skal du reflektere over og diskutere kjønnsmangfald og svare på følgjande problemstilling:

  • Korleis kan vi skape eit samfunn der vi anerkjenner og respekterer ulike kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar?

De kan svare på denne oppgåva på fleire ulike måtar. Til dømes kan de velje å avgrense oppgåva og fokusere på nokre konkrete utfordringar og løysingar eller velje ei breiare tilnærming. Jobb individuelt eller i grupper og vel ulike arbeidsmåtar. De kan til dømes

  • skrive eit refleksjonsnotat

  • lage ein presentasjon ved hjelp av Powerpoint, Prezi, Keynote eller eit anna presentasjonsverktøy

  • lage ein podkast der de svarer på oppgåva ved hjelp av eit intervju, ein radiodokumentar eller eit rollespel

  • lage ein kampanjeplakat eller ein kampanjevideo

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er kjønn?

Kva er kjønn? Vi kan vurdere kjønn frå fire ulike perspektiv: kropp, juridisk kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Fagstoff
Kva er kjønnsmangfald?

Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald.