Kortfilm
The Present
I animasjonsfilmen The Present får 12 år gamle Jake ei gåve frå mor si. Filmen har vunne ei rekkje filmprisar og har blitt vist på over 180 filmfestivalar rundt om i heile verda.
Jake sit stort sett heime og speler videospel. Ein dag kjem mamma heim med ei uventa gåve til han. Jakes reaksjon når han opnar gåva, er overraskande.
Filmen inviterer oss til å prøve å forstå kvifor Jake reagerer slik han gjer. Filmen eignar seg godt til refleksjonar rundt mangfald, og over kva for utfordringar eit barn med funksjonsnedsetjing møter på i kvardagen.
Filmen er basert på ei teikneseriestripe av brasilianske Fabio Coala.
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Kortfilm: The PresentDiskusjonsoppgåve om mangfald knytt til kortfilmen "The Present".