Kulturforståing
Sjå videoen og jobb med oppgåvene under.
Etnosentrisme og kulturrelativisme er to ulike måtar å stille seg til andre kulturar på.
Finn minst to døme på etnosentrisme i filmen. Grunngi svaret.
På kva måtar kan etnosentrisme skape konfliktar?
Finn minst to døme på kulturrelativisme i filmen. Grunngi svaret.
Reflekter over korleis kunnskap om andre kulturar kan gjere det lettare å forstå tradisjonar i andre kulturar. Bruk gjerne konkrete døme.
Kva trekk ved norsk kultur trur du utlendingar kan ha vanskeleg for å forstå?
Diskuter fordelar og ulemper med etnosentrisme og kulturrelativisme. Ta gjerne utgangspunkt i filmen når de diskuterer.
Det er ein viktig forskjell mellom å forstå og forklare noko i kultur og det å forsvare eller fordømme det. Du kan til dømes prøve å forstå og forklare barnearbeid utan å forsvare eller fordømme det.
Finn døme på to ulike forklaringar på barnearbeid som kjem fram i filmen.
Frida og Nzigire fordømmer barnearbeid på ulike måtar. Kva er forskjellen mellom dei?
Diskuter om Frida si haldning til barnearbeid er etnosentrisk.
Diskuter kvifor det kan vere viktig å prøve å forstå og forklare barnearbeid sjølv om ein fordømmer det.