Oppgåve
Å skode hunden på håra
Uttrykket "Du skal ikkje skode hunden på håra" betyr at vi ikkje skal dømme nokon berre ut frå det ytre. I denne oppgåva skal du likevel gjere nettopp det. Kanskje får du nokon overraskingar?
Gå saman i par og sjå på bileta under. Kva slags personar trur de dette er? De kan til dømes spekulere i
yrke
religion
fritidsinteresser
Når de har danna dykk eit bilete av kvar av personane, blar de vidare for å sjå "fasiten".
Diskuter:
Kva er de mest overraska over?
Kvifor er dette overraskande?
Tips: Bruk fullskjermmodus!
Mangfaldet blant oss består av synlege eller usynlege forskjellar i ulik grad.
Diskuter!
Sjå på dei korta de har lagt under "synleg". Kor mange av desse kan de vere heilt sikre på berre ved å dømme ut frå det ytre?