Podkast: Kroppspress
Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten
Kva er kroppspress, tenker du?
Kva er dei viktigaste årsakene til kroppspress blant ungdom?
Oppgåve 2. Nøkkelord og refleksjonsnotat
Skriv ned nøkkelord mens du lyttar til podkasten, og bruk dei til å skrive eit kort refleksjonsnotat etterpå. Like under podkasten finn du eit digitalt skjema du kan bruke til denne oppgåva.
Oppgåve 3. Etter at du har lytta til podkasten
Kva er forskjellen mellom kroppspress og kroppsmisnøye?
Kva er årsakene til kroppspress og kroppsmisnøye?
På kva måte skil kroppsideala i Noreg i dag seg frå kroppsideala i andre kulturar og historiske periodar?
Kva former for kroppspress tenker du er mest utbreidd i miljøet ditt og på skulen din?
Diskuter kva for nokre negative konsekvensar kroppspress kan føre til.
Diskuter kva du sjølv, skulen og samfunnet kan gjere for å avgrense og hindre kroppspress.