Introduksjon
CC BY-SA 4.0Det er mykje fokus på utsjånad og kropp i samfunnet vårt. Fleire ungdommar fortel at dei opplever eit press om å sjå ut på ein bestemd måte, og fleire er misnøgde med sin eigen kropp.
I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om kva kroppspress, kroppsbilete, kroppsideal og kroppsmisnøye er
- reflektere over kvar kroppspress kjem frå, og kva konsekvensar det kan få
- diskutere kva de sjølv og samfunnet kan gjere for å minske kroppspress
- utforske samanhengen mellom sosiale medium og kroppspress
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet kroppspress. De kan gå gjennom alle trinna i læringsstien eller velje ut enkelte delar.