Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prosjektarbeid om kropp, kjønn og seksualitet

Kva lurer du på om kropp, kjønn og seksualitet? Gjennomfør eit prosjekt og utforsk eit tema du sjølv er nysgjerrig på.
Elevar i klasserom sit konsentrert ved pultane sine og snakkar saman. Ein gut og ei jente er i framgrunnen. Fleire andre elevar sit bakover i pultrekkene. Det står pc-ar på pultane, og dei har skrivepapir og pennar framfor seg. Foto.

I dette prosjektarbeidet skal du utforske eit tema innanfor kropp, kjønn og seksualitet. Du kan gjennomføre arbeidet aleine, eller de kan jobbe i grupper og over ein lengre eller kortare periode.

Prosjektarbeid

  1. Vel tema
    Finn eit tema som intresserer deg, og som du har lyst til finne ut meir om. Sjå forslag under til ulike temaområde.

  2. Formuler ei problemstilling
    Lag ei problemstilling til temaet ditt. Formuler henne som eit enkelt spørsmål.

  3. Finn relevante kjelder
    Søk etter informasjon om problemstillinga di. Du finn relevante lenkjer og nettstader under.

  4. Gjennomfør prosjektet
    Bruk kjeldene du har funne til å svare på problemstillinga di. Drøft gjerne det du kjem fram til.

  5. Presentasjon og evaluering
    Vidareformidle det du har funne ut. Du kan til dømes levere ein skriftleg rapport eller presentere det munnleg framfor klassen som ein podkast, ein kampanjeplakat eller ei videoforelesing.

Forslag til temaområde

Her finn du forslag til ulike tema om kropp, kjønn og seksualitet med lenkjer til relevante fagartiklar og oppgåver. I oppgåvene finn du relevante filmar og podkastar om dei ulike temaa.


1) Kva er seksualitet?

Artikkel: Kva er seksualitet?

Oppgåve: Kva er seksualitet?

Oppgåve: Korleis blir seksualiteten vår forma?

Oppgåve: Ungdomschattar om fest og seksualitet

2) Tilfredsstillande seksualitet

Artikkel: Tilfredsstillande seksualitet

Oppgåve: Korleis tilfredsstille deg sjølv og andre?

Rollespel: Seksuelt overførbare infeksjonar

3) Seksuelle rettar

Artikkel: Seksuelle rettar

Oppgåve: Oppgåver om seksuelle rettar

4) Seksuelle orienteringar

Artikkel: Seksuelle orienteringar

Artikkel: Kva kjenneteiknar skeive liv?

Artikkel: Normer for kjønn og seksualitet

5) Kjønn og kjønnsmangfald

Artikkel: Kva er kjønn?

Artikkel: Kva er kjønnsmangfald?

Artikkel: Lovverk og normer om kjønn

Oppgåve: Kjønnsmangfald

Oppgåve: Kjønn og kjønnsidentitet

Oppgåve: Utforsk kjønnsmangfald

Oppgåve: Kjønnsmangfald , respekt og anerkjenning

Oppgåve: Dykk i djupet på kjønn og identitet

6) Forelskingar og forhold

Artikkel: Forelskingar og forhold

Oppgåve: Casar om forelsking og forhold

7) Kroppspress

Artikkel: Kroppspress

Oppgåve: Casar om kroppspress

8) Porno

Artikkel: Porno

Artikkel: Korleis påverkar porno oss?

Artikkel: Korleis påverkar porno kultur og identitet?

Oppgåve: Påverknad frå porno

Oppgåve: Oppdrag: SoMe-kampanje om porno

Oppgåve: Porno, identitet og estetikk

9) Sexpress og seksuell trakassering

Artikkel: Kva er sexpress?

Artikkel: Metoo

Oppgåve: Sexpress og gråsonesex

Oppgåve: Seksuell trakassering – kva gjer du?

10) Normer og grensesetjing

Artikkel: Kjønn, seksualitet og kropp: Grensesetjing

Artikkel: Normer for kjønn og seksualitet

Oppgåve: Grensetjing

11) Seksuelle overgrep

Artikkel: Valdtekt

Oppgåve: Seksualitet og samtykke

Oppgåve: Haldningar og seksuelle overgrep

12) Nudes og digital blotting

Artikkel: Nettvett og digital dømmekraft

Oppgåve: Nudes på avvegar

Oppgåve: Ungdom blir utsette for digital blotting

Tips til nettstader

På desse nettstadene finn de meir informasjon om tema som kjønn, kropp og seksualitet:

Ung.no

Sex og samfunn.no

Sex og politikk.no

Helsenorge.no

Zanzu.no

Naku.no

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Kropp og seksualitet