Hopp til innhald
Oppgåve

Kampanje om kropp og seksualitet

Mange ungdommar saknar meir informasjon og kunnskap om kropp og seksualitet. Lag ein informasjons- eller haldningskampanje om kropp og seksualitet for andre elevar på ungdomsskulen eller vidaregåande.

I denne oppgåva skal klassen gjennomføre ein kampanje om kropp og seksualitet. De kan jobbe saman i grupper, og læraren avgjer kor lang tid de kan bruke på kampanjen.

  1. Vel kampanjeform

    Vel kva slags kampanje de ønskjer å gjennomføre. Det kan til dømes vere

    • eit undervisningsopplegg for ein annan klasse på vidaregåande eller ungdomsskulen

    • ein informasjons- eller haldningskampanje på sosiale medium

    • ein posterkampanje på skulen eller i nærmiljøet

  2. Vel tema

    Avgrens kampanjen og vel dei temaa de ønskjer å fokusere på. Sjå forslag til tema og relevante lenkjer under. Vel ut tema de meiner er spesielt aktuelle og relevante for målgruppa dykkar.

  3. Førebuing og gjennomføring

    • Lag ein plan for gjennomføringa av kampanjen.

    • Form ut kampanjematerialet slik at det treffer målgruppa.

    • Gjennomfør kampanjen.

  4. Evaluering

    Skriv ein rapport, eit refleksjonsnotat eller gjennomfør ei munnleg oppsummering i klassen:

    • Kva var dei viktigaste utfordringane de møtte undervegs?

    • Korleis takla de dei ulike utfordringane som dukka opp?

    • Kva delar av kampanjen nådde best fram til målgruppa. Kvifor?

    • Kva delar av kampanjen var de sjølv mest nøgd med? Kvifor?

    • Kva kunne de gjort annleis i utforminga av kampanjen for å nå betre fram?

    • Kva var det viktigaste de lærte?

Tips til gjennomføring av eit undervisningsopplegg for ungdomsskulen
  • Gjer informasjonen levande for elevane, til dømes ved hjelp av film, song, musikk, plakatar, kahoot og gruppeoppgåver.

  • La elevane stille anonyme spørsmål. Dei kan til dømes skrive lappar som dei leverer anonymt.

  • Ikkje gjer det kleint! Kropp og sex er naturleg, og burde vere heilt ok å snakke om.

  • De treng ikkje gå rundt grauten! Det er flott at tekstar og casar er direkte.

  • La elevane jobbe i grupper dei er trygge på.

  • Bruk casar og døme på ein måte som gir diskusjon på generelt grunnlag. Ingen skal tvingast til å vere med i diskusjonar.

  • Grensa går ved personlege erfaringar – gjer gjerne elevar bevisste på at dei kanskje ikkje skal dele alt med for mange. Det kan slå tilbake på ein negativ måte.

  • Bruk humor.

  • Ta vare på mangfaldet og snakk på ein måte som inkluderer ulike kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar.


Forslag til bakgrunnstoff og temaområde

Her finn de forslag til ulike tema om kropp og seksualitet med lenkjer til relevante fagartiklar og oppgåver. Oppgåvene inneheld relevante filmar og podkastar om dei ulike temaa.

1) Kva er seksualitet?

Artikkel: Kva er seksualitet?

Oppgåve: Kva er seksualitet?

Oppgåve: Korleis blir seksualiteten vår forma?

Oppgåve: Ungdomschattar om fest og seksualitet

2) Tilfredsstillande seksualitet

Artikkel: Tilfredsstillande seksualitet

Oppgåve: Korleis tilfredsstille deg sjølv og andre?

Rollespel: Seksuelt overførbare infeksjonar

3) Seksuelle rettar

Artikkel: Seksuelle rettar

Oppgåve: Oppgåver om seksuelle rettar

4) Seksuelle orienteringar

Artikkel: Seksuelle orienteringar

Artikkel: Kva kjenneteiknar skeive liv?

Artikkel: Normer for kjønn og seksualitet

5) Kjønn og kjønnsmangfald

Artikkel: Kva er kjønn?

Artikkel: Kva er kjønnsmangfald?

Artikkel: Lovverk og normer om kjønn

Oppgåve: Kjønnsmangfald

Oppgåve: Kjønn og kjønnsidentitet

Oppgåve: Utforsk kjønnsmangfald

Oppgåve: Kjønnsmangfald , respekt og anerkjenning

Oppgåve: Dykk i djupet på kjønn og identitet

6) Forelskingar og forhold

Artikkel: Forelskingar og forhold

Oppgåve: Casar om forelsking og forhold

7) Kroppspress

Artikkel: Kroppspress

Oppgåve: Casar om kroppspress

8) Porno

Artikkel: Porno

Artikkel: Korleis påverkar porno oss?

Artikkel: Korleis påverkar porno kultur og identitet?

Oppgåve: Påverknad frå porno

Oppgåve: Oppdrag: SoMe-kampanje om porno

Oppgåve: Porno, identitet og estetikk

9) Sexpress og seksuell trakassering

Artikkel: Kva er sexpress?

Artikkel: Metoo

Oppgåve: Sexpress og gråsonesex

Oppgåve: Seksuell trakassering – kva gjer du?

10) Normer og grensesetjing

Artikkel: Kjønn, seksualitet og kropp: Grensesetjing

Artikkel: Normer for kjønn og seksualitet

Oppgåve: Grensetjing

11) Seksuelle overgrep

Artikkel: Valdtekt

Oppgåve: Seksualitet og samtykke

Oppgåve: Haldningar og seksuelle overgrep

12) Nudes og digital blotting

Artikkel: Nettvett og digital dømmekraft

Oppgåve: Nudes på avvegar

Oppgåve: Ungdom blir utsette for digital blotting

Tips til nettstader

På desse nettstadene finn de meir informasjon om tema som kjønn, kropp og seksualitet:

Ung.no

Sex og samfunn.no

Sex og politikk.no

Helsenorge.no

Zanzu.no

Naku.no

Denne oppgåva er laga i samarbeid med lærar Helene Grotle og elevar i klasse HO2D, Helsearbeidarfag 2021/2022, ved Bodø videregående skole.