Press, stress og sosiale medium
CC BY-SA 4.0Mange ungdommar bruker mykje tid på sosiale medium. Korleis kan sosiale medium både auke og minke stress?
I arbeidet med denne læringsstien vil du
- lære om samanhengen mellom sosiale medium og press og stress
- reflektere over korleis sosiale medium kan auke og minke press og stress
- utforske korleis bilete på sosiale medium kan påverke oss
- diskutere kva du kan gjere for å minke press og negativt stress
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i norsk, samfunnskunnskap og mediefag.