Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Press, stress og sosiale medium

Oppgåve

Reflekter over eigen bruk av sosiale medium

Kvifor bruker du sosiale medium, og kva sit du igjen med? I desse oppgåvene skal du reflektere over din eigen bruk av sosiale medium.

Diskuter i klassen

  • Kor ofte er vi på sosiale medium?
  • Kva er dei viktigaste grunnane til at vi bruker sosiale medium?
  • Kva kjensler sit vi igjen med?
  • Korleis påverkar sosiale medium sjølvbiletet ditt?

Refleksjonsoppgåver

Først skal du reflektere over din eigen mediebruk, deretter kan du dele refleksjonen med andre i landet i eit svarskjema på Google Skjemaer og sjå kva andre har svart på dei same spørsmåla.

Oppgåve 1: Reflekter over eigen bruk av sosiale medium

Svar på spørsmåla under og skriv ei kort grunngiving for vala dine. Du kan laste opp svara dine og lime dei saman i eitt dokument.




Oppgåve 2: Del eigne og sjå andre sine refleksjonar

Legg refleksjonane dine inn i Google-skjemaet.

Viss du sender inn svar, vil du få sjå kva andre har svart.

CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020