Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Oppgåver og aktivitetar

Kva er stress?

Mange ungdommar opplever press og stress, men stress er ikkje nødvendigvis noko negativt. Kva er forskjellen på positivt og negativt stress, og kvifor kan ungdommar lett bli stressa?

Før filmen: Diskuter med sidemannen

  1. Kva er stress?
  2. Er det mykje press og stress blant ungdommane de kjenner til?

Etter filmen

  1. Kva er stress?

    1. Kva er forskjellen på positivt og negativt stress? Gi konkrete døme.
    2. Kva betyr det at stress både kan ha indre og ytre årsaker? Gi nokre konkrete døme.
    3. Kvifor kan ungdommar vere spesielt utsette for stress?
  2. Stressa?

    1. Finn eit døme der du sjølv eller nokon du kjenner var stressa på same tid som gjeremålet likevel blei gjennomført. Vel eit døme som du er villig til å dele med resten av klassen.
    2. Korleis trur du stresset kan ha hjelpt deg eller den du kjenner, til å meistre denne situasjonen?
    3. Finn eit døme på ein situasjon der du (eller nokon du kjenner) var så stressa at du/de presterte dårlegare og ikkje fekk til det du/de ville.
    4. Kva kunne du eller den du kjenner, ha gjort annleis for å takle denne situasjonen betre?
  3. Diskuter i grupper

    1. Kvifor er det viktig at vi ikkje alltid prøver å unngå stress, men i staden trener oss på å takle stressande situasjonar?
    2. Kva meiner psykologen Magnus Nordmo i filmen når han seier at "meistringserfaringar er den beste måten å takle stress på"?
    3. Diskuter dykkar eigne døme på stress i spørsmål 2. Korleis kan de meistre stress og stressande situasjonar på ein best mogleg måte?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020