Introduksjon
CC BY-SA 4.0Mange ungdommar opplever press og stress i kvardagen. Dette stresset kan vere både positivt og negativt. Det kan ha mange ulike årsaker og påverkar oss på fleire forskjellige måtar.
I denne læringstien skal du:
- lære kva stress er.
- lære om samanhengen mellom stress og psykisk helse.
- reflektere over årsakene til press og stress blant ungdom.
- diskutere korleis du og dei andre i klassen kan motverke og meistre negativt stress.
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet press og stress.