Hopp til innhald
Oppgåve

Diskuter personretta marknadsføring i sosiale medium

Diskuter i kva for grad personretta marknadsføring påverkar identitetsbygging og sosialisering.

Diskuter i grupper eller i fellesskap

Svar på spørsmåla

  • Kva for type marknadsføring er mest vanleg å bli eksponert for i klassen?
  • Kva forskjell er det på kva slags marknadsføring de opplever?
  • Kva personlege data som kjønn, bustad, alder, etnisitet og digitale aktivitetar, ligg til grunn for ulikskapen?
  • Kva er mest overraskande?
  • Kva er minst overraskande?

Og drøft det følgjande

Personretta marknadsføring i sosiale medium har ikkje noko å seie for identitetsbygging og sosialisering?