Hopp til innhald
Oppgåve

Livsstilen min?

Kven bestemmer livsstilen din? Vi er heile tida omgitte av reklame som prøver å selje oss ulike livsstilar. Undersøk kven det er som prøver å påverke deg og diskuter livsstilsreklamane med dei andre elevane.

Vi har alle ønske, og vi drøymer om kven vi vil vere, og kva slags liv vi vil leve. Desse ønska er med på å forme vala våre i kvardagen, kva vi et og drikk, korleis vi går kledde, og kva vi gjer på fritida.

På same tid er det mange som prøver å påverke vala våre. Vi er heile tida omgitte av informasjon og reklame for ulike livsstilar. Annonsar og blogginnlegg prøver å selje oss produkt ved å appellere til ønska våre og draumane våre.

Oppgåve 1. Utforsk

Jobb éin og éin

Gå gjennom dei ulike mediekanalane dine, som til dømes Instagram, YouTube og Snapchat. Finn døme på reklamar og informasjon som prøver å påverke livsstilen din.

Oppgåve 2. Analyser

Jobb to og to

Vel eit par av reklamane de har funne.

  1. Kva slags livsstil prøver reklamane å promotere?
  2. I kva grad trur de informasjonen i reklamane er sann og gir eit riktig bilete av verkelegheita?

Oppgåve 3. Diskuter

Jobb fire og fire

Diskuter ulike typar livsstilsreklame

  1. Samanlikn dei reklamane de har fått.

    • Får de dei same reklamane og den same informasjonen, eller er det ulikt?
    • Kva er eventuelt årsaka til at de får ulik reklame og informasjon?
  2. Kva slags typar livsstilsreklame trur de ungdom får mest av i dag?
  3. I kva grad bidreg desse reklamane til å fremje ein sunn eller usunn livsstil?

Oppgåve 4. Reflekter

Jobb først aleine og deretter i grupper

  1. Kvifor prøver mykje reklame i dag å appellere til kjenslene våre, ønska og draumane om kven vi vil vere?
  2. Trur de ungdom i dag blir meir utsette for livsstilsreklame enn ungdom for tjue–tretti år sidan?