Syntetiske hormon og hormonhermarar
Viss ein hormonproduserande kjertel sviktar, slik at hormonbalansen i kroppen blir forstyrra, kan tilførsel av hormon gjennom medisinar rette opp ubalansen. I slike tilfelle kan syntetiske hormon (kunstig framstilte hormon) erstatte verknaden av dei naturlege hormona.
Døme
Ved diabetes er det dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen som sviktar.
Viss binyreborken sviktar (Addisons sjukdom), må hormona kortisol og aldosteron erstattast av medisinar.
Veksthormon og kjønnshormon kan brukast til å påverke ulike former for avvikande lengdevekst.
P-piller er eit prevensjonsmiddel som inneheld østrogenliknande og progesteronliknande hormon. Pillene hemmar eggløysinga, gjer livmorhalsen mindre gjennomtrengjeleg for sædceller og gjer livmora mindre mottakeleg for eit befrukta egg.
Når kropp og utsjånad får stor merksemd, fell nokon for freistinga til å ta snarvegar til idealkroppen. Dei som reklamerer for preparat med kunstige hormon, lover mykje. Dessverre er det ikkje alle som kjenner til biverknadene.
Barbie-dop
Eit døme er melanotan (”Barbie-dop”) – eit syntetisk hormon som blir sprøytt inn i kroppen, og som gjer deg brun og slank. Hormonet kan dessutan gi auka sexlyst. Det blir beslaglagt stadig fleire ulovleg importerte postpakker med melanotan, og mottakarane er både unge menn og unge kvinner. Varene blir stort sett bestilte på nettsider som ofte ser ut til å vere norske, men varene kjem frå heile verda med ukjent innhald, produsent og avsendar.
Fagfolk åtvarar sterkt mot injeksjonar av melanotan, som rett og slett er farleg. Det kan gi biverknader som alvorlege infeksjonar og blodforgifting. Vi kjenner ikkje langtidseffekten av dette, men kreftrisikoen aukar i pigmentsceller som blir overstimulerte, og nokre har i ettertid fått ein gråleg tone i huda.
Anabole steroid
Anabole steroid er kunstige variantar av kjønnshormonet testosteron. Dei har vore forbodne i idretten sidan 1975, men blir framleis brukte som dopingmiddel (mest i den uorganiserte idretten).
Anabole steroid i kombinasjon med styrketrening gir auka proteinsyntese, slik at mellom anna muskelmassen og muskelstyrken aukar. Sidan dette kan betre prestasjonane betydeleg i kraftidrettar, kan det vere ein freistande snarveg for dei som ikkje fryktar alvorlege fysiske og psykiske biverknader.
Brukarane opplever avhengigheit fordi dei ikkje lenger produserer testosteron sjølv, og toleranse ved at dei treng stadig større dosar for å få effekt.
Sidan Rachel Carson gav ut boka Silent Spring i 1962, har det vore stadig meir fokus på miljøgifter som forstyrrar hormonbalansen hos levande organismar, skader fertilitet og forstyrrar krinsløp i naturen.
Hormonhermarar er kjemiske stoff som har utilsikta effekt på hormonbalansen hos menneske og dyr. Dei blir kalla hormonhermarar fordi nokre av desse stoffa har ein effekt som minner om naturlege hormon. Hormonforstyrrande stoff finst i ulike produkt og som forureining i mat, luft og vatn.
Døme på produkt som kan innehalde hormonhermarar: måling, plast, tekstilar, leiker, reingjeringsmiddel, kosmetikk, sjampo, prevensjonsmiddel, medisinar og plantevernmiddel.
Tenk gjennom
Kvar blir det av tilsetningsstoffa når vi dusjar av oss sminke og hudkrem, og når vi vaskar ein målarpensel?
Kva skjer med hormonrestane som er igjen på eit brukt P-plaster når vi kastar det?
Kjende hormonhermarar blir forbodne
Mange kjemikaliar har blitt utvikla for å lette kvardagen vår eller gi produkt betre eigenskapar. Dessverre har det vist seg at nokre av desse kjemikaliane inneheld hormonhermarar.
Mange tilsetningsstoff har blitt forbodne etter kvart som dei skadelege effektane har blitt dokumenterte. Dei finst likevel framleis i miljøet og inngår i krinsløp der dei kan hope seg opp i næringskjedene.
Forureiningsstyresmaktene jobbar internasjonalt for å redusere bruk, utslepp og eventuelle negative effektar. Nokre stoff blir forbodne eller strengt regulerte fordi dei er hormonforstyrrande for anten menneske eller miljø, eller begge delar.
Verknad på dyr, menneske og miljø
Det vanlegaste er stoff som imiterer kvinnelege kjønnshormon (østrogen). Dei kan skade reproduksjonsevna ved å forstyrre dei naturlege hormona i foster og unge individ hos både dyr og menneske. Østrogenliknande sambindingar kan òg gi redusert sædkvalitet, auke av bryst- og testikkelkreft og dessutan auka førekomst av misdanningar i kjønnsorgana.
Det er òg mistanke om at meir allergi, for tidleg pubertet, fedme og diabetes 2, endringar i stoffskiftet og i utviklinga av nervesystemet kan kome av miljøgifter som forstyrrar hormonbalansen.
Høyr podkast frå NRK Skole om kva som skjer med naturen når han blir påverka av hormon og hormonhermarar. (24:59)
Tenk gjennom
Kva kan du sjølv gjere for å unngå å få i deg hormonhermarar?
Er det mogleg å finne ut om det er hormonhermarar i eit produkt, ved å lese innhaldslista?
Kan du finne hormonhermarar i kosmetikk, kremar eller andre produkt du har heime, ved å skanne strekkoden med den danske appen Hormonsjekk?
Relatert innhald
Denne e-førelesinga handlar om oppbygginga og bruken av PCB og kva slags konsekvensar bruken har for menneske og miljø.
Denne e-førelesinga handlar om oppbygginga og bruken av bromerte flammehemmarar og kva slags konsekvensar bruken har for menneske og miljø.