Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein radioreportasje frå nærmiljøet ditt

Korleis er det å vere ungdom der du bur? Lag ein radioreportasje som handlar om gleder eller utfordringar i ungdomsmiljøet ditt.
Ei jente på kanskje 15 år sit ved ein pult i eit klasserom. Ho har halvlangt, lysebrunt hår ser ettertenksam ut. Bak ho sit det ei smilande jente med svart hovudtørkle og ein gut med kortklipt hår. Foto.

Filmen "Alle utlendinger har lukka gardiner" skildrar korleis det er å vere ungdom i eit fleirkulturelt miljø i Oslo aust. Filmen tek opp tema som identitet, stereotypiar, kulturkonfliktar og dømmekraft.

Oppgåve

Korleis er det å vere ungdom der du bur? Lag ein radioreportasje om kva du og dine jamaldra er opptekne av. Er det saker som de snakkar mykje om? Står de i ein konflikt av noko slag? Opplever de fordommar, netthets, eller å bli behandla urettferdig? Skjer det noko spennande eller positivt? Gå saman med ein annan og finn ut kva reportasjen skal handle om.

Slik lagar du ein radioreportasje

Når du skal lage ein radioreportasje, er det viktig å planleggje oppbygging og bruk av verkemiddel. Du må òg vite kven du lagar saka for, kva du skal fokusere på og kva du vil formidle. Dess yngre målgruppa er, dess meir bruk av effektlydar, bakgrunnsmusikk og kontentum kan du tillate deg. Dess eldre målgruppa er, dess rolegare tempo og mindre "støy" bør du ha i reportasjen din.

  • I ein presentasjon med lyd er stemma mange gonger den viktigaste nøkkelen til suksess.
  • Musikk bruker vi hovudsakleg til å skape stemningar.
  • Miljølydar fortel oss kor vi er, til dømes på kafé, i skogen eller langs vegen.
  • Lydeffektar som latter, slag, skott og hjartebank hjelper oss å fortelje historia.
  • Stille kan brukast for å lage ein pause, gå frå eitt tema til eit anna, markere ein slutt eller skape spenning.

Tydelegskap

I radioreportasjar er det ekstremt viktig å vere tydeleg. Radiostemmer og -lydar fyk forbi lyttarane, som berre får éin sjanse til å forstå det som blir sagt. Det er ikkje som i ei avis der ein kan lese ein artikkel om igjen viss ein lurer på noko. For at lyttarane skal få med seg innhaldet i radioreportasjar, må ein derfor snakke særs tydeleg. I tillegg må sakene vinklast heilt klart og berre ha éin hovudbodskap.

Fire elevar, to gutar og to jenter, sit overfor kvarandre i eit lydstudio. Dei har hovudtelefonar på og kvar sin mikrofon framfor seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppbygging

Medan nyheitssaker i radio stort sett går rett på sak, blir ein reportasje gjerne bygd opp litt annleis.

Introduksjon

Først kjem det ein introduksjon (eller intro, som det heiter på fagsjargongen) som programleiaren les. Introduksjonen er gjerne skriven av reporteren som lagar sjølve reportasjen. Han svarer til overskrifta og ingressen i ei avissak: Her får ein vite kva saka handlar om.

Anslag

Sjølve reportasjen startar med eit anslag som skal vekkje interessa til lyttarane. Anslaget kan vere musikk, ei spennande utsegn frå eit intervjuobjekt eller ein effektlyd.

Hovuddel

Etter anslaget kjem det gjerne ei historie. Målet er å fortelje såpass spennande at ein held på lyttarane gjennom heile saka.

Avrunding og utroduksjon

Reportasjen blir vanlegvis avrunda som han starta, med musikk, ein effektlyd eller eit sitat. Programleiaren avsluttar saka med ein utroduksjon (outro på fagsjargongen) der namnet på reporteren blir nemnt. Utroduksjonen svarer til bylinen i ei avis.

Relatert innhald

Her finn du lydfiler der du lærer korleis du går fram for å gjere ein lydproduksjon frå opptakssituasjonen til redigeringsrommet.

Ein radiosjanger blir kjenneteikna av korleis innslaget er oppbygd, og korleis lyd er brukt som verkemiddel.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Jostein Saakvitne.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Film: Alle utlendinger har lukka gardiner