Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samfunnskunnskap Alle utlendinger har lukka gardiner

Er det annleis å vekse opp på Romsås enn i andre delar av landet? Kva kjenneteiknar normer, kjønnsroller og kulturen på Romsås – og kvifor har desse områda av Oslo blitt eit politisk stridsspørsmål?

Oppgåve 1. Normer og kjønnsroller

  1. Kva normer finn du blant ungdommane på Romsås? Har dei nokon normer som ikkje er vanlege andre stader i Noreg?
  2. Korleis vil du beskrive kjønnsrollene blant ungdommane på Romsås? Kan gutane og jentene seie og gjere det same, eller møter dei ulike forventningar?
  3. Kva for positive og negative sanksjonar møter ungdommane som ikkje tilpassar seg normene og kjønnsrollene på Romsås? Gi konkrete døme.
  4. På kva måtar påverkar internett forholdet ungdommane har til sex i filmen?
  5. Diskuter kulturen på Romsås. Kva er dei viktigaste kjenneteikna på den ungdomskulturen som blir beskriven i filmen?

Statsminister Erna Solberg snakkar på eit podium med fire andre deltakarar på Groruddalstinget.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2. Groruddalen som politisk stridsspørsmål

Romsås er ein del av Groruddalen på austkanten av Oslo. Somme av desse områda har ein stor del innvandrarar og har blitt eit politisk stridsspørsmål.

  1. Utforsk ulike skildringar av Groruddalen på nett. Søk til dømes på "Groruddalen" og vel "nyheiter" i søkjemotoren. Finn døme på korleis media og politikarar frå ulike parti beskriv område i Groruddalen som Romsås og Furuset.
  2. Kvifor trur du Groruddalen har blitt eit politisk stridsspørsmål? Kva trur du partia er ueinige om?
  3. Undersøk kva som ligg i omgrepa "ghetto" og "ghettofisering".
  4. Finn ut kva Frp-politikar Sylvi Listhaug meiner når ho snakkar om ghettofiseringa av Oslo.
  5. Ifølgje sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen er områda i Groruddalen med mange innvandrarar blant dei minst ghettofiserte områda i heile Noreg, fordi dei er prega av eit mangfald av ulike kulturar. Diskuter denne påstanden.
  6. Korleis trur du dei som bur i Groruddalen reagerer på at staden dei bur på har blitt eit politisk debatt-tema? Finn gjerne konkrete døme på nett.

Kjelder

Herbjørnsrud, D. (2019, 28. oktober). Furuset er fremtiden. Agenda magasin. Henta frå https://agendamagasin.no/artikler/ga-inn-i-din-tid/

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 08.09.2020

Læringsressursar

Film: Alle utlendinger har lukka gardiner