Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med filmen Kvinne på krigsstien

Kvinne på krigsstien er ein islandsk spelefilm om ei kvinnes kamp mot kraftutbygging.

Før de ser filmen

  1. Kva betyr det å vere "på krigsstien"?

  2. Kva døme på kraftutbygging kjenner de frå området der de bur? Har det vore konfliktar rundt denne utbygginga?

  3. Korleis kan vi som enkeltpersonar vere med å påverke slike prosessar?

Sjå filmen

Oppgåver til filmen

  1. Kvifor kjempar hovudpersonen Halla mot kraftleidningar på det islandske høglandet?

  2. Forklar kva miljøvern og aktivisme betyr, og korleis desse temaa er sentrale i filmen.

  3. Handlinga i filmen går føre seg på Island. På kva måte er tematikken i filmen aktuell for oss i Noreg?
  4. Diskuter korleis Halla bruker ulike taktikkar i kampen sin mot kraftutbygginga. Kva metodar tek ho i bruk? Kva tenker de om framgangsmåten til Halla?

  5. Vurder konsekvensane av handlingane til Halla. Korleis påverkar aktivismen hennar samfunnet og miljøet?

  6. Kva saker synest de er viktige i lokalmiljøet dykkar? Kva kan de gjere for å skape merksemd rundt desse sakene?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2024

Læringsressursar

Kampen mot vindmøllene