Kva er eit godt argument?
For å vurdere kvaliteten på argument kan vi spørje oss sjølv:
- Er argumenta haldbare?
- Er argumenta relevante?
- Kor sterke er argumenta når det gjeld moglege motargument?
- Er alle viktige sider ved saka belyste?
Med haldbarheit meiner vi at ein påstand er sann, eller at han verkar sannsynleg og rimeleg. I eksempelteksten kjem forfattaren med ei rekkje påstandar, som for eksempel:
Det finst ingen kontroll med dyreforsøk.
Det finst inga lov som vernar forsøksdyra mot misbruk.
Dei fleste lesarane har neppe tilstrekkelege kunnskapar til å vurdere om desse påstandane er sanne. Dei kan velje å stole på forfattaren, men strengt teke bør dei undersøkje om dei faktisk stemmer, uansett om dei deler forfattaren sitt syn eller ikkje.
Vi må også kontrollere at forfattaren held seg til saka. Alle argument og premissar må vere relevante, det vil seie at dei må ha betydning for spørsmålet ein tek opp:
Er det relevant for saka at dyr blir utsette for smerte, og at dei blir drepne?
Er det relevant at dei fleste dyreforsøk gjeld kosmetikk, reingjeringsmiddel og liknande?
Kvifor er det i så fall relevant?
Det er ikkje forfattaren aleine som bestemmer om eit argument er relevant. Hen må også overtyde lesaren om at argumentet har betydning for saka.
Vi må også vurdere om argumenta til forfattaren er sterke nok overfor moglege motargument. Ein person som forsvarer dyretesting, kan for eksempel komme med eit motargument som dette:
Bioteknologiforskinga gjer stadig framsteg. Forskarane kan no teste nye legemiddel på stamceller i laboratoriet og fjerne dei som har alvorlege biverknader allereie før dei blir prøvde ut på dyr og menneske. Slik blir risikoen for skader og lidingar hos forsøksdyra minska (og hos menneske som prøver ut medisinene).
Eit slikt faktaargument kan for eksempel svekke påstanden "Millionar på millionar av dyr blir [...] utsette for dei mest pinefulle forsøk".
Argumentasjonen i ein tekst kan vere utfyllande eller avgrensa, balansert eller einsidig. I eit debattinnlegg skal forfattaren innta eit klart standpunkt og fatte seg kort, og derfor må hen konsentrere seg om nokre få, sterke argument som støttar opp om dette standpunktet. I debattartiklar blir det også argumentert for eit bestemt syn, men her er det rom for fleire argument og større utdjuping.
I drøftingsoppgåver i skulen er det krav til at vi skal presentere relevante argument både for og imot ei sak, vege og vurdere dei og så komme fram til ein konklusjon. Som vi ser, er det avhengig av sjangeren kor balansert og omfattande argumentasjon som blir kravd.