Hopp til innhald

Oppgåve

Dokumentar: En bit av gangen

I denne dokumentaren møter vi unge bønder i Guatemala som kjempar for mattryggleik i eit forandra klima.

Sjå dokumentaren og svar på spørsmåla under.

  1. Årets kampanje heiter "Ein bit om gongen". Kva tenker du er meint med "Ein bit om gongen"?

  2. Ungdommane i filmen snakkar om tradisjonar dei har arva av forfedrane sine. Kva for nokon tradisjonar har du arva frå foreldra og besteforeldra dine?

  3. For ungdommane i filmen, og mange andre ungdommar i Guatemala, er det å drive jordbruk ein stor del av identiteten deira. Kva er viktige delar av identiteten din?

  4. Kvifor har det blitt meir utfordrande for bøndene i Guatemala å dyrke mat?

  5. Kva kan gjerast for å løyse desse utfordringane?

  6. Kva handlar omgrepet klimarettferd om, og på kva måte er det relevant i denne filmen?

  7. Kva slags utfordringar knytte til mattryggleik møter vi i Noreg?

  8. Kva sit du igjen med etter å ha sett filmen?

Denne oppgåva er laga av Operasjon Dagsverk og kan òg lesast på nettsiden deira: Dokumentar: En bit av gangen.

CC BY-SARettshavar: Operasjon Dagsverk
Sist fagleg oppdatert 23.09.2024

Læringsressursar

Operasjon Dagsverk 2024