I denne oppgåva skal de ta stilling til ulike påstandar knytte til OD-prosjekta i år og påstandar som handlar om global urettferd. Bruk føtene dykkar for å vise kva de meiner!
Førebuing og framgangsmåte
Heng opp lappar med "Einig", "Ueinig", "Litt einig" og "Litt ueinig" i fire hjørne i klasserommet. De kan òg berre bli einige om kva for nokre hjørne som er kva.
Læraren les opp ein påstand om gongen. Påstandane finn du i ramma lenger nede på sida. Elevane stiller seg ved hjørna for "Einig", "Ueinig", "Litt einig" eller "Litt ueinig". Undervegs i diskusjonen kan elevane forandre meining og flytte på seg til andre hjørne.
Elevane rekker opp handa for å forklare kvifor dei står der dei står. Læraren kan òg velje ut tilfeldige personar som kan forklare dersom handsopprekking fungerer dårleg.
Tips
Som oppvarming kan de gjerne begynne med nokre test-påstandar, som "Pizza er betre enn taco" eller "Handball er betre enn fotball".
Set ei tidsramme på mellom 30–60 sekund per innlegg. Følg elles debattreglar som: innlegg (ein finger), kommentar (to fingrar) og faktaopplysning (hendene i kross).
Det er viktigare å få gode diskusjonar enn å rekke gjennom alle påstandane. Ta dykk god tid til kvar påstand.
Start gjerne øvinga med å gå gjennom sentrale tema i kampanjen i år. De finn meir informasjon om desse i artikkelen "Ein bit om gongen".
Påstandar
Prosjektrelatert:
Ungdom i Noreg og Guatemala er svært ulike.
Det er vanskeleg å leve eit godt liv utan tilgang på mat og drikke.
Dei som er minst ansvarlege for klimaendringane, lid mest av konsekvensane.
Minoritetar, slik som urfolk, blir ofte utsette for urettferd.
Kvalitet på mat er ikkje like viktig som mengda mat.
Maten eg et, har noko å seie for identiteten min.
Å vere bonde er ikkje like viktig som før.
Mattryggleik er viktigare enn bevaring av kultur.
Ikkje prosjektrelatert:
Verda vil aldri bli kvitt fattigdom.
Dei vala vi tek, er med på å påverke verda.
Det er umogleg å skape likskap mellom fattige og rike.
Operasjon Dagsverk burde heller gi naudhjelp enn å satse på utdanningsprosjekt.
Verda har blitt meir rettferdig dei siste tiåra.
Vi burde heller hjelpe eldre og fattige i Noreg enn å drive med bistand til utviklingsland.
Alle kan klare å komme seg ut av fattigdom viss dei berre prøver hardt nok.
Det lønner seg for heile samfunnet å satse på utdanning til ungdom.
Det er greitt å bruke vald for å stoppe urettferd viss det må til.
Demokrati er alltid betre enn diktatur.
Ungdom er ungdom same kvar i verda ein er fødd.
Nokre menneske vil alltid ha dårlegare føresetnader enn andre.
Handel fører til utvikling.
Dei rike har blitt rike på kostnad av dei fattige i verda.
Nokre menneske er meir verde enn andre.
Eitt av kriteria for at det skal vere fred i eit land, er at menneska i landet kjenner seg trygge.
Vi kan aldri få 100 % fred i verda.
Det nyttar å engasjere seg.
Etterarbeid
Etter øvinga kan de reflektere over desse spørsmåla i plenum:
Kva skal til for at verda skal bli mindre urettferdig?
Korleis kan Noreg bidra til auka klimarettferd og mattryggleik i Guatemala?