Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
22. juli 2011

Oppgåve

Oppgåver til rettssaka etter 22. juli-terroren

Diskuter spørsmåla under i klassen eller i mindre grupper.

  1. Kvifor er det viktig at Breivik får moglegheit til å forsvare seg og få dei same rettane som andre kriminelle?

  2. Var det riktig å rekne Breivik som tilrekneleg?

  3. Kva hadde vore annleis dersom Breivik vart erklært utilrekneleg?

  4. Bør Breivik nokon gong bli ein fri mann?

CC BY-SA 4.0Skrive av Pia-Helene Amundsen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021