Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
22. juli 2011

Oppgåve

Diskuter reaksjonane etter 22. juli

Diskuter desse problemstillingane i klassen eller i mindre grupper:

  1. I talane til statsminister Jens Stoltenberg kjem han ofte tilbake til desse orda: “Meir demokrati, meir openheit – men aldri naivitet”. Kva meinte han med dette?

  2. Tweet-en “Når en mann kan forårsake så mye ondt, tenk hvor mye kjærlighet vi kan skape sammen” av Helle Gannestad blei ståande som eit symbol på dei norske reaksjonane etter 22. juli. Kvifor vakte dei norske reaksjonane så mykje merksemd i utlandet?

  3. Hadde Noreg hatt dei same reaksjonane dersom det var islamistiske terroristar som stod bak angrepa?

CC BY-SA 4.0Skrive av Pia-Helene Amundsen og Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021