Mellomkrigstida i Europa
Med Versaillestraktaten var intensjonen at verda ikkje skulle oppleve nokon ny storkrig, og at konfliktar mellom land skulle løysast diplomatisk. Folkeforbundet skulle fungere som kanal for førebygging av konfliktar, og problem skulle løysast gjennom samtalar. I praksis vart dette berre ein utopi i takt med dei økonomiske og politiske utfordringane europeiske land stod overfor gjennom mellomkrigstida.
Tyskarane og andre tapande partar oppfatta også Versaillestraktaten som audmjukande. Det skulle gi rom for sterke nasjonalistiske stemningar – spesielt i Tyskland og Italia.
Første verdskrigen og den russiske revolusjonen skapte store politiske omveltingar. I store delar av Europa stod demokratia svakt, og mange land valde å innsetje autoritære regime for å styre landet.
Den italienske fascismen oppstod som reaksjon på første verdskrigen, kommunistfrykt og lita tiltru til det politiske systemet i landet. I løpet av 1920-talet vart Italia ein fascistisk stat med Benito Mussolini som Il Duce eller "føraren".
I Tyskland vart Nasjonalsosialismen dominerande i forsøket på å rette opp igjen æra i landet etter den audmjukande Versaillesfreden. Eit svært polarisert politisk klima under den tyske Weimarrepublikken førte Adolf Hitler til makta i 1933. Raskt sikra nasjonalsosialistane seg all makt i Tyskland og "den nasjonale revolusjonen" skulle gjennomførast for å sikre Tyskland sin "rettmessige plass i sola".
I den kommunistiske Sovjetunionen kom Josef Stalin til makta på 1920-talet og leidde Sovjet med hard hand og streng kontroll. I ettertid vart Stalins maktmisbruk og totalitære styring kalla stalinisme. Ved sida av den fascistiske styringsforma verka sovjetisk planøkonomi som eit alternativ til det liberale demokratiet. Berre i dei nordiske landa og i land i Vest-Europa heldt demokratia stand, trass i økonomiske og politiske utfordringar.
Mellomkrigstida var prega av økonomiske kriser i Europa. Kjenneteikna ved krisene var mange konkursar og høg arbeidsløyse. Konfliktane i arbeidslivet førte til streikar og konfliktar, med sosial nød som resultat. Utan lønnsinntekt vart arbeidarane og familiane deira hardt ramma i mellomkrigstida.
På den andre sida av Atlanterhavet opplevde mange amerikanarar enorm økonomisk vekst gjennom 1920-talet. Men med børskrakket på Wall Street i New York 24. oktober 1929 vart USA ført inn ein nedgåande økonomisk spiral, som ramma alle sider av amerikansk økonomi. USA trekte etter kvart heile verda inn i økonomisk krise.
Noreg vart, som verda elles, prega av dei økonomiske krisene i mellomkrigstida. Dette skapte store politiske motsetningar mellom ei radikal arbeidarrørsle og ei nasjonalistisk borgarleg fløy. Arbeidarpartiet valde å forlate den revolusjonære politikken sin og stod fram som eit sosialdemokratisk parti. No ville partiet bygge makta si innanfor det norske demokratiet, ikkje med revolusjonære verkemiddel etter modell frå den russiske revolusjonen.
Kriseforliket med Senterpartiet i 1935 førte Arbeidarpartiet til regjeringsmakt. Sjølve kriseforliket sameinte Bondepartiets interesser i jordbruket og Arbeidarpartiets ønske om å redusere arbeidsløysa ved hjelp av statlege tiltak. Ved hjelp av staten skulle kapitalismen styrast og regulerast for å få betre fordeling i samfunnet. Eit meir politisk samla Noreg stod no betre rusta til å handtere dei politiske og økonomiske problema landet stod overfor.
Versaillestraktaten og dei økonomiske og politiske utfordringane i mellomkrigstida hadde på 30-talet lagt grobotn for at autoritære regime var komne til makta i mange europeiske land. Tysklands og Italias krigerske og ekspansive utanrikspolitikk mot nabolanda fram mot krigsutbrotet avdekte at ein ny storkrig var på trappene. Etter angrepet på Polen 1. september 1939 erklærte Storbritannia og Frankrike Tyskland krig. Andre verdskrigen var i gang.
Relatert innhald
Etter våpenkvila 11.11.1918 vart det halde fredskonferanse i Versailles utanfor Paris. Kva vart resultatet av freden i Versailles?
1920-talet var prega av økonomiske kriser i Europa, og etter kvart også i USA.